
Hyggeleg haustfest
Frå Møre og Romsdal 4 H stilte Gerd Jorunn Hopmark, som i sin tale til ungane understreka kor viktig og verdifull organisasjonsopplæring dei får gjennom 4 H. Her lærer dei å sitte i eit styre med leiar, sekretær og kasserar, dei lærer å arrangere og få innblikk i kva arbeid som ligg bak eit slikt arrangement som ein haustfest er, der dei både skal lage invitasjonar, presentere oppgåvene dei har arbeidd med gjennom året på ein skikkeleg måte i tillegg til å stå for både underhaldning, matsalg og loddsalg sjølve. 4 H i fylket arrangerer også kurs og samlingar der 4H-ungdom frå heile Møre og Romsdal kan treffast for å bli kjende og inspirere kvarandre. Hopmark skrytte av Rufus 4 H og tykte dei var ein kreativ, aktiv og energisk gjeng.
Rufus 4H har i dag berre 9 medlemmar, så her er det plass for fleire! No skal det seiast at dei har litt vaksenhjelp i Elisabet Halgunset og Gunnhild Bolme, som no vurderer å starte ei såkalla kløvergruppe for 6-10-åringar om det er interesse for det.
Av underhaldning i dag fekk vi både trylleoppvising, Skavlandshow og dramatisering av Rotmosongen "Kuskit og fjøs"
Etter underhaldning, kaffelag og loddsalg fekk 4H-arane utdelt sine vel fortente 4H-merke av Gerd Jorunn Hopmark.
Her kan du gå inn på heimesida til Møre iog Romsdag 4 H
Og heilt til slutt vart 4-H løftet avgjeve unisont, slik skikken er:
Vi lover å arbeide mot det mål å bli en ungdom med klart hode, varmt hjerte, flinke hender og god helse
Frå merkeutdelinga. Frå venstre: Gerd Jurunn Hopmark, Håvard Bævre, Ingeborg Elise Halgunset, Ole Gunnar Kirkholt, Andreas Bævre, Jarl Oskar Mykkelgård, Christoffer Flåtten, Sindre Bakk Solem, Unn Ingeborg Halgunset og Marianne Kirkholt
Mange hadde møtt opp for å delta på haustfesten i dag
Fellesoppgave i friluftliv av Marianne Kirkholt, Ingeborg Elise Halgunset og Håvard Bævre