
Høyr "lydsmaksprøve" her
Hyllest til fjordafolket
Kabareten ”Med segl og Wichmann”, som blir sett opp i Surnadal kulturhus laurdag 30.oktober, er ein hyllest til slitet, motet og truskapen til fjordafolket. Stoffet er henta frå kvardagslivet i Bøfjorden og dei andre fjordbygdene på Nordmøre, og det er song- og teaterkrefter frå Todalen og Åsskard som som har blankpussa songane og sjømannshistoriene.

Stoffet er utforma i vers og tonar av Bernt Bøe, som er anvarleg for både tekst og musikk.
I "Med segl og Wichmann" deltek både Todalskoret, Åsskard kyrkjekor, Mannskoret, samt barn og andre solistar. Det er sett opp ei forestilling, og det er laurdag 30. oktober kl 19.00.
Billettar får du på bestilling eller ved inngangen.

.png)

