brevduene4 Arild Moen

Surnadal Kulturhus melder:

Hysterisk i kulturhuset

Teatret Vårt opnar det nye året med hysteriske forviklingar i Surnadal torsdag 5. januar. Vinn billettar til teatret ved å svare på eit spørsmål inne på saka!

Foto «Brevduene»: Arild Moen

I «Brevduene» møter vi Robert som driv ei mindre bedrift. Men det har han eigentleg ikkje så lyst til. Han vil heller drive med brevduene sine og overlate «sjappa» til kollega Holger. 

Ingen god ide, meiner verken kona Gerlinde, eller Holger – som prøver å seie opp sjøl – utan at nokon får akkurat det med seg. Og han skal vere glad for at i alle fall ho han er gift med, Natalie, ikkje fekk høre det – for ho er mildt sagt rasande over kor stusseleg kort han har kome i livet.

Karakterane i «Brevduene» slit alle på kvar sin måte med å kjenne seg lukkeleg. Og verre skal det bli …

«Brevduene» fikk terningkast fem i Romsdal Budstikke som konkluderte med at dette var «teatersprint i kjappe, vittige og til dels absurde dialoger».
 

Har du lyst til å vinne billettar til "Brevduane"? Bryn deg på følgjande spørsmål, og send inn svaret ditt til eva@trollheimsporten.no: 
Brevduer kan fly 1000 km, eller lengre, med meldingane sine. Vil ei brevdue som flyg så langt normalt ha ei gjennomsnittleg «marsjfart» på over eller under 50 km/t? 

brevduene 3 Arild Moen.jpg

SaveSave