Trond Skogseth_250x166

I full sving på storbandshow

Trond Skogseth og ti andre lokale vokalistar fikk det til å svinge saman med Sunndal Storband på Vårsøg Hotell laurdag kveld. Sjå bildekavalkade her!

Av ein eller annan merkeleg grunn var det ikkje mange surnadalingar som hadde teke turen til hotellet for å få med seg konserten. Synd for dei.

For publikum som var der, fekk oppleve eit Sunndal Storband som under leiing av Vebjørn Sæter (på saxofon t.h. på bildet) serverte ei lang rekkje med evergreens frå swingrepertoaret - i tillegg til nyare pop og rock ikledd tøffe swingarrangement. Med seg hadde dei Toril Moe, Trond Skogseth, Gerd Ingrid Kvendset, Kikki Moe, Terje Aune, Sina Moe, Carina Dønheim, Marianne Bolme og Daladrekern (Ellinor Husby, Kristin Betten og Siv Kalvik) som gjestevokalistar.

Frank Sinatra har på mange måtar sett storband-standarden, og på repertoaret sto da eit godt utval av melodiar som "Ol' Blue Eyes" har gjort kjent. Men også Billy Joel ("My Life"), Van Halen ("Jump"), Lionel Richie ("Hello") og Stevie Wonder ("Sir Duke", "Superstition") var representert, i tillegg til rock'n'roll-klassikarar som "Hound Dog" og "Let's twist again".

(Trykk på bilda for større versjonar)

Gerd Ingrid Kvendset_1024x681
Gerd Ingrid Kvendset song mellom anna Van Halen-låta Jump.
Sina Moe_1024x681
Sina Moe var ei av dei lokale gjestevokalistane.
Daladrekern_1024x681
Daladrekern: Kristin Betten, Siv Kalvik og Ellinor Husby.
Carina Dønheim_1024x681
Carina Dønheim i aksjon.
Sunndal Storband_1024x681
Etter konsertdelen, spela Sunndal Storband opp til dans.
Kikki Moe_1024x681
Kikki Moe var første solist på scena.
Marianne Bolme_1024x681
Marianne Bolme var vokalist på m.a. I get a kick out of you.
Toril Moe_1024x681
Toril Moe imponerte med sin versjon av New York, New York.
Terje Aune_1024x681
Terje Aune sørga for stemning med Sir Duke.
Alle_1024x681
Vokalistgjengen fekk fortente blomster etter konserten.