I rute med anbodsrunden
Onsdag 12. desember går storprosjektet nye Øye skule, med ei kostnadsramme på 140 millionar kroner pluss moms, ut på anbod.
Tysdag hadde plan- og byggenemnda for nye Øye skule møte, og der vart det klart at prosjektet vert sendt ut på anbod onsdag 12. desember.
Anbodsgrunnlaget for skuleprosjektet, laga av Norconsult, vart gjennomgått på møtet. Prosjektet har ei økonomisk ramme på 140 millionar kroner pluss moms.
Fristen for entreprenørar for å komme med tilbod er 30. januar klokka 12.00, men allereie 20. desember vil entreprenørar vere på plass for ei tilbodsbefaring på skuleområdet.
Prisen viktigast
Einingsleiar for eigedom i Surnadal kommune, Olav Rønning, ser fram til anbodsrunden, som altså startar i morgon:
– Det vi er aller mest spente på er jo om rammene våre held, men heile prosessen blir spennande, seier han, og fortel at pris er det kriteriet som vil vege tyngst når dei innkomne anboda skal vurderast opp mot kvarandre.
– Ja, prisen vil avgjere kva vi kan ta oss råd til. Vi har laga oss eit maksønske, samtidig som vi må ha fleire tankar i hovudet på ein gong. Så vi har ting vi kan skjære ned på dersom det viser seg at vi må.
Astrid Mogstad Høivik trekkjer og fram prisen som det mest spennande elementet i anbodsrunden.
– Det har vore ein kamp for å lande på noko vi kan vere fornøgde med, så no håpar vi at vi finn tilbydarar som klarar å tilby oss det vi treng, seier ho, og fortsett:
– I tillegg til prisen er vi jo spente på om vi klarar å halde dei ambisiøse tidsfristane vi har sett oss. Vi har jobba med dette i mange, mange år, no, og det hadde vore utruleg godt om vi klarte å lande prosjektet på den tida vi har tenkt.
Måldatoen for innflytting i ny skule er 20. august 2020.
Både Rønning og Mogstad Høivik gler seg over at prosjektet no går inn i ein ny fase.
– No er det i grunn berre å sitte og vente i spenning fram til tilbodsbefaringa 20.12. Då kjem entreprenørane, som sidan får jula og nyåret til å rekne på før dei kjem med tilboda sine. Kanskje vil vi på befaringa og få signal om kva dei ser for seg med tanke på byggjetid, seier Rønning.
Nærmar seg byggjeleiar
Ein annan vesentleg del av prosjektet på Øye er tilsetting av byggjeleiar.
Fire firma kom med tilbod, og Surnadal kommune har landa på det firmaet dei anser som best. Ein klage i etterkant av tildelinga har forseinka offentleggjeringa, men Rønning fortel at denne no er rett rundt hjørnet.
– Byggjeleiar skal vere på plass slik at firmaet som får tilslaget blir med på befaringa den 20. desember, seier eigedomssjefen.
Inkluderer elevar og tilsette
Måndag ettermiddag gjennomførte kommunen den første av to planlagde informasjons- og diskusjonssamlingar. Der gjekk tilsette, elevar, Norconsult og plan- og byggenemnda gjennom og diskuterte planane for nyskulen.
Eit ønske som gjekk att der, var fleksible løysingar når det gjeld oppsett- og flytting av veggar, slik at ein får mulegheita til å justere storleiken på klasserom og grupperom. På plan- og byggenemnd-møtet tysdag bekrefta Norconsult at det i anbodsgrunnlaget ligg inne krav om denne typen systemveggar. Desse skal kunne settast opp eller flyttast av driftspersonell ved nyskulen ein til to gonger i året.
Neste samling vert arrangert 28. januar. Då skal det leggjast fram ei førebels skisse over prosjektet, som blir lagt til grunn for vidare diskusjon blant deltakarane.
– Det ser veldig bra ut
Konklusjonen på dagens møte i plan- og byggenemnda var at ein per i dag er i rute for å starte nybygging som planlagt i april 2019.
– Prosjektet held på å bli rimeleg konkret no, og i denne fasen er det litt ute av våre hender. Vi går spennande tider i møte, og kjem til å fortsette jobben med organisasjonutvikling. Det er ein viktig jobb å finne ut korleis vi på ein best muleg måte kan skape ein skule av to, seier Mogstad Høivik.
Kommunalsjefen for oppvekst legg ikkje skjul på at ho er fornøgd med ståa i skuleprosjektet.
– Eg tykkjer dette ser veldig bra ut no, altså, seier ho, med eit smil om munnen.
Plan- og byggenemnda for Øye skule følgjer med på Norconsult sin gjennomgang av anbodsgrunnlaget, som vert sendt ut onsdag 12.12.