CRW_1272_rindal_kirke_550x413

Identitet i Rindalskyrkja

Når Moooor fyller alle roller er det såre vel. I alle fall så lenge ho ikkje hoverer og fortel kor betydningsfull ho er. I preiketeksta for sundag høyrer me om ein som fyller ut sandalreimane sine til fulle. Jesus er alt for alle. Det er Jesu identitet å vera den som bèr heile Guds fylde og vera den som forsoner oss med Gud. Kvifor skulle me klore oss fast i vår eigen perfeksjonisme når me har ein slik Frelsar til å ta seg av både oss og nederlaga våre? Dette var tema i Rindalskyrkja sundag. Preika ligg ved.

Rindal kyrkje 13.01.12. 2.sundag i openberringstida. Preiketekst Kolossarane 1, 15-20.

 

Han er biletet av den usynlege Gud,
          den førstefødde før alt det skapte.
          
For i han vart alt skapt,
          i himmelen og på jorda,
          det synlege og det usynlege,
          troner og herredøme,
          makter og åndskrefter –
          ved han og til han er alt skapt.
          
  Han er før alt,
          og i han blir alt halde saman.
          
  Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja.
          Han er opphavet,
          den førstefødde frå dei døde,
          så han i eitt og alt skal vera den fremste.
          
  For i han ville Gud la heile sin fylde bu,
          
  og ved han ville Gud forsona alt med seg,
          det som er i himmelen, og det som er på jorda,
          då han skapte fred ved hans blod på krossen.

 

Mor!! Mor, kvar finn eg gymbag, skjorte og lånebøker?

Mor!! Her er eit spørsmål om månefaser, men det står jo ikkje noko om det i teksten - .

Mor!! Nei, eg vil ikkje leggja meg no …. Mor!! Kan du koma og synge og be??

Mange veit ikkje kor nyttige og viktige me er før me får born. Slik sett er fødslane ei styrke for sjølvtilliten – mødre fyller sin plass på jorda til fulle.

 

Kan eg seie – som lever vel i eit ekteskap som er langt meir gamaldags og umoderne enn foreldra mine hadde. Alle veit at mor styrer inne og har kontroll på at det er tint brød i brødboksen og egg i skåpet, at klesvasken ikkje veks ut or vaskerommet og at svigerfamilien får julegåver.

 

Men spør meg om når det trengst oljeskift på traktoren, kva vedstabel me tek frå på låven eller korleis timane skal strekke til når det er våronn? Eg anar ikkje.

 

Kvar eg vil med dette? Eg vil peike på at ikkje alle kan ha kontroll på alt. Me kan ikkje – og me skal ikkje.

 

Dessutan er det noko med dette at det er ei tid for alt. Det er eit tid for å vera spedbarn og ta imot. Det er ei tid for å vera ungdom og rådvill. Det er ei tid for å vera vaksen og produktiv. Og det er – for dei fleste av oss – ei tid for å vera eldre og skulle forsone seg med at kropp og psyke ikkje lystrar som før.

 

Me kan ikkje ha kontroll på alt. Og me skal det heller ikkje.

 

Skulle me ha kontroll på alt – kven skulle då kunne koma til og få hjulpe oss?

Skulle me ha kontroll på alt – blir me ikkje dermed svært så sårbare bak ein ufeilbarleg fasade?

 

I heimane legg me oss raskt til eit mønster på kven som gjer kva, så det skal bli. Me hjelper kvarandre med det som er – eller utfyller kvarandre som det så fint heiter. Me kjenner så vel både gode og mindre gode sider ved kvarandre.

 

Guds rike er langt på veg ein heim. Me skal bidra så godt me kan. Me skal fylle vår rolle slik som ei mor eller ein far gjer. Me skal ta vårt ansvar – men kontrollen??

 

Kontrollen ligg utanfor oss. Hjelpa ligg utanfor oss.

 

Kva er så vårt ansvar? Me må innrømme Jesus å vera den han er. Innrømme Jesus å vera den som har kontroll på alt. Innrømme Jesus å vera den han er født til å vera.

 

Jesus er Guds kjærleik til oss i eigen person. Han er ikkje mindre enn alt for alle. Amen.