Einar Oterholm

Ikkje kulturvandring enno: Oterholms dag på museet

Ved ein glipp har ei lokalavis kunngjort feil tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum komande søndag 15. juli. Om nokon er forvirra, presiserer Bøfjorden Historielag: Det er og blir Einar Oterholms dag på museet! Som lova tek han for seg merkelege optiske fenomen og truskuldige synsbedrag under tittelen "Slik sjitt - ska vi tru på det vi sjer?"

"Kulturvandring i Settemsdalen" blir det derimot neste søndag - 22. juli!

 

Det blir Einar Oterholm (under) som kåserer på sjøbruksmuseet søndag!