Statusoppdatering frå kriseleiinga i Surnadal torsdag 2. april:
Ikkje påvist nye korona-smitta i Surnadal
Det er per no heldigvis ikkje påvist fleire nye smittetilfelle i Surnadal kommune. Vi har i dag sendt ut eit SMS-varsel til innbyggarane med ein del praktiske opplysningar ein bør kjenne til. Les dei her.
Det er per no heldigvis ikkje påvist fleire nye smittetilfelle i Surnadal kommune.
Vi har i dag sendt ut eit SMS-varsel til innbyggarane med ein del praktiske opplysningar ein bør kjenne til:
- Det er ikkje lokal legevakt påskelaurdag i Surnadal.
- For å be om testing for koronavirus kan du i påskeveka ringe korona-telefonen på 913 79 001 måndag og tysdag frå kl. 09.00-15.00 og onsdag fram til kl. 11:30. Deretter kan du ringe legevakttelefon: 116117.
- Etter avtale med legevakta kan det bli utført testing frå kl. 12.00-14.00 på påskeaften i Surnadal.
- Hugs å ringe før du oppsøker legevakt.
- Korona-telefonen er og open påskeaften frå kl. 10.00-14.00.
Vi har etter situasjonen god beredskap for den som måtte trenge helsehjelp i Surnadal kommune.
Om SMS-varslinga:
Alle med eit telefonnummer knytt til eit gards- og bruksnumer i Surnadal kommune vil i løpet av dagen og kvelden motta ein SMS frå kommunen med viktig informasjon før påska. Vi beklagar om enkelte skulle motta fleire kopiar, men dette skuldast i så fall ei nasjonal overbelastning i denne varslings-tenesta.