Øye kyrkje:
Imponerande kvalitet
Dei tidlegare medlemmane av bandet Batteri, heldt også i år konsert i Øye kyrkje 5. juledag, og dei leverte ein meget velklingande konsert som oste av kvalitet!
Det var Hans Olav Settem som ønska alle velkomne til konsert, og kyrkja var fylt opp til siste benk! Rundt 200 publikummarar hadde teke turen til kyrkja denne laurdagskvelden på tampen av 2018.
Første song ut var "Upp gledjst alle,gledjest no", kanskje mest kjend i Odd Nordstogas tonedrakt. Settem song den i lag med sambuar Marit Othilie Thorvik, og dei gav oss ein vàr og fin versjon som sette stemninga, før dei fortsette med Dumdumboys-låta,Stjernesludd, men songe på klingande surnadalsdialekt, noko som kledde låta bra.
Tradisjon tru, var det også i år gjesteartistar med, og Toril Moe song "Nå kommer jula hit" og "Selmas sang" på sedvanleg sikkert vis og sidan Sigrid Vetleseter Bøe, som eigentleg skulle delta, hadde vorte sjuk,song Moe "O helga natt" som "stand in" for Sigrid. Moe gjorde ein sterk prestasjon og hausta fortent applaus frå salen.
Torstein Snekvik var nestemann som gjesteartist, og gjorde ein fabelaktig versjon av "Nordnorsk julesalme" og avslutta med den meir lokale julesongen, "Jul i Dønnem bedehus", skrive av Gøran Bolme. Det var humring blant kyrkjebenkane, for teksta på den er av det humoristiske slaget, men vekkjer òg minnar om korleis det var på jultrefest rundt om i grendane i tidligare tider.
Lisa Botterli Flostrand song "Himlen i min famn" til stor applaus og beviste at ho har ei fin stemme! Flostrand,saman med Marit Othilie Thorvik, fungerte òg som koristar på fleire av låtene. Thorvik song òg solo på "Vi tenner våre lykter" på vakkert vis.
Bandet bestod av Brage Kristian Einum, piano, Oddbjørn Sponås, slagverk, Hans Olav Settem, gitarer, Sondre Skogset, bass og til slutt multiinstrumentalist, Stein Boge som trakterte både kyrkjeorgel,trompet og gitar! Dei leverte gnistrande prov på at dei er musikarar på eit høgt nivå og vi sit att med følelsen av å ha opplevd ein konsert som godt kunne vore framførd på kva slags scene det skulle vore i kongeriket! Ein konsert for minneboka, rett og slett!
Takk!
Frå venstre: Lisa B. Flostrand, Hans Olav Settem, Oddbjørn Sponås og Marit Othilie Thorvik.
Toril Moe song "O helga natt" fjellstøtt!
Torstein Snekvik m/band