
Imponerande Søyacup
Med årets arrangement har Søyacupen vist at den definitivt høyrer til mellom dei største og beste fotballturneringane på våre kantar. På Søyabanen har det sidan tidleg føremiddag vore spela kampar på opptil sju banar samtidig, og enno er det eit par timar igjen før alle lag er ferdige. Når dagen er over vil 60 ulike lag ha spela til saman 90 fotballkampar!
Her kjempar jenter frå Surnadal og Rindals-Troll om å nå ballen først. Foto: Norunn Holten
Innsatsen har vore på topp i alle kampar, og været har også gjort sitt til å gjera Søyacupen 2012 til ein stor dag både på og utanfor banen. Vi kjem tilbake med fleire bilde og ein fyldigare reportasje frå turneringa etter kvart.