Elise Hamnes Høvik vart imponert over romma, som alle er individuelt dekokrert med store fotografi frå Surnadal og nabokommunane.
Originale og elegante detaljar prydar romma, mellom anna i teppene på golva.
Alle romma har namn etter Hals Hyldbakk sine dikt.
Marknadssjef Mette Sæter Ormset tok imot dei besøkande og fortalde om nyhotellet.
Kjøkkensjef Ida Dønheim serverte kaffe og kake til gjestene.
Kalla Skrøvseth sine bilder er tekne vare på og prydar konferanseromma.
Elegante detaljar går også att på toaletta.
I Musters Pub blir det mellom anna høve til å spele dart og sjå fotball på storskjerm.
På Musters Pub har du også høve til å sjå elg i solnedgang.
Arne Holten lot seg begeistre av hotellombygginga og gangbrua over til kulturhuset.
Hotellresepsjonen er no på plass i kulturhusfoajeen.
Moderne peis midt i rommet skapar stemning.
Det nyombygde hotellet og Vengespennet har gjeve Skei ein heilt ny utsjånad.