Éin kappleik-siger

Nordmøre spel- og dansarlag stod i helga bak Fylkeskappleiken 2008, som vart helden i Surnadal. Nordmøre fekk vere nøgd med éin siger, det var i klassen "Lagspel fele med komp". Der vann Nordmøre Spelmannslag - med rindalingen Magnar Almberg på laget - saman med Valldal. Reportasje i nettavisa til Tidens Krav.
Og ein liten rapport: 

- Fylkeskappleiken i Surnadal er vel overstått, med kjempedeltakelse, melder Magnar Almberg.
- Alt var lagt til rette for oss på beste måte i Surnadal både fra Kulturhuset
og Surnadal hotell og ikkje minst frå vår hovedsponsor Surnadal sparebank.
Det heile fungerte svært bra.
Og til alt overmål så var det Nordmøre spelmannslag som vant lagspelet.