
Industriområde i startfasen
Det var meir lausmasse enn ein trudde her, men frå Stokkåberget skal det flyttast 10 000kubikkmeter fjell til toppdekke i Brønstadøyan som er like rundt svingen til høgre på bildet. Den månaden denne transporten skal foregå, blir det truleg regulering av både fart og flyt av trafikken forbi her!
Slik ser det nye industriområdet ut sett frå Stokkåberget. Vi ser Fv65, mesta midt på bildet skimtar vi Miljøstasjonen. Heile området skal bearbeidast. Vi ser at dei har starta opp i den lågaste delen.
Plassering på kartet ovafor og plankart nedafor, før vi går tilbake til bilda att!
Planering og komprimering av grunnen er i gang etter at myra er flytta. Området skal planerast til nivået til venstre. Etterpå skal det leggast på eit 70 cm tjukt lag med fjellmasse. Dei er godt fornøgde med veret og ønsker seg ikkje snø.
John Magne Bæverfjord, Rune Røen og Bjarne Lund inspiserer området sist fredag.
Det er mykje masse som skal flyttast inne på området også. Deler av området har 3-4 m myr som må bort. På bildet ser vi litt av Miljøstasjonen bak jordhaugane. På andre sida av FV65 ser vi bygningane til lageret som Rindal Maskin har teke over etter Vegvesenet. Det er Rindal Maskin som har dette grunnarbeidet, Reknar med at det kjem reportasjar om dette industriområdet seinare også.