surna 2_500x375

Informasjonsmøter tysdag 12.mars i kommunestyresalen

Informasjonsmøter om oppstart av arbeid med forvaltningsplanar for Surna og Søysetøran naturreservat

Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal utarbeide forvaltningsplan for hhv Surna naturreservat i Nedre Surnadal og Søysetøran naturreservat på Kvanne. Ein forvaltningsplan skal vere eit praktisk hjelpemiddel for å oppretthalde og fremje verneformålet i samsvar med verneføresegna. Planane skal sikre ei einsarta forvaltning av verneområdet ved å gi konkrete retningsliner om bruk, informasjon, skjøtsel, tilrettelegging og sakshandsaming.

Informasjonsmøte om arbeidet med forvaltningsplan for Surna naturreservat blir halde tysdag 12. mars kl. 15.00 i kommunestyresalen på kommunehuset på Skei.

Informasjonsmøte om arbeidet med forvaltningsplan for Søysetøran naturreservat blir halde tysdag 12. mars kl. 18.00 i kommunestyresalen på kommunehuset på Skei.


Alle som planane kan få følgjer for, og andre interesserte, blir med dette inviterte til møta og til å kome med skriftlege innspel til arbeidet innan 5. april 2013. Innspel sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde. Det blir lagt opp til dialog om framtidig forvaltning av områda på informasjonsmøta.
 

Meir informasjonsmøte om naturreservat Surna

Meir informasjonsmøte om naturreservat i Søysetøran

Faktaark om Søysetøran naturreservat

Faktaark om Surna naturreservat

Illustrasjonbilde: