![vannkrane[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/2196085.1537.uwqxypcwfp/690x0/5162513_2196085.jpg)
Status og tiltak:
Informasjonsskriv 3 frå Surnadal kommune til innbyggjarane om vasskrisa
Ved behov for assistanse ring Surnadal kommune sin vakttelefon: 416 35 388
Status og tiltak pr 01.01.2013
Prestelva vassverk Stangvik:
Med unntak av dei som har frosne vassrøyr har alle abonnentane tilknytta Prestelva vassverk vatn i kranane.
Kommunen har undersøkt moglegheita for pumping av vatn frå Langvatnet.
Vassforsyninga er framleis ustabil og kommunen oppfordrar difor abonnentane om å ha tilsyn med vaskemaskiner/oppvaskmaskiner. Eventuell stopp i vasstilførsel til desse kan i verste fall forårsake brann.
Vi vil også oppmode om å vere forsiktig ved tining av frosne vassrør. Det kan medføre brannfare og fare for vasslekkasje.
Vi minner om at vatnet må kokast dersom det skal brukast som drikkevatn!
Vassforsyning ved Stangvik Aldersheim:
Her kan alle hente vatn. Her er det det sett ut vasstankar som abonnentane kan hente vatn frå.
Vassforsyning for gardsbruk og private vassverk:
Fleire private vassverk og gardsbruk er vasslause, men desse har ikkje Surnadal kommune full oversikt over. Den kommunale tankbilen køyrer ut til fleire gardsbruk og fyller der det er tankar. Vi har henta 10 konteinarar i Kristiansund og det finst fleire på lager. Desse vasskonteinarane kan plasserast ved gardsbruk etter avtale med kommunen.
Vassløyse er ein situasjon som rammar fellesskapen vår, og kommunen skal gjere det vi kan for å sikra tilgong på vatn for alle innbyggjarar i kommunen så langt råd er. Private vassverk kan ta kontakt med kommunen slik at vi får ei best mogleg oversikt, og ved behov vil vi køyre ut vatn til private vassverk etter avtale. Opptining og arbeidet med dette må private vassverk ta for eiga rekning.
Vassforsyning for eldre:
Det er særs viktig at eldre som ikkje er mottakarar av kommunale heimetenester og som ikkje kjem seg til vassforsyningstankar på eiga hand, får informasjon via naboar og kjende om at dei kan kontakte kommunen for utkøyring av vatn til seg ved behov.
Vassforsyning via Heimetenesta:
Heimesjukepleien i Surnadal kommune kan ta med seg vasskanner ved behov. Heimesjukepleien har vakttelefon: 90 20 63 98
Vassforsyning via Surnadal Røde Kors:
Surnadal kommune får hjelp frå Surnadal Røde Kors til utkøyring av vasskanner til dei som ikkje greier å hente vatn sjølv. Ved behov kan ein ringe Vakttelefonen 416 35 388 eller Heimetenesta 90 20 63 98
Vassforsyning ved Mo Oppvekstsenter:
Ved Mo Oppvekstsenter er det vassmangel, men dei har fått ein vasstank som vert fylt opp kontinuerleg av kommunen.
Tilbod om gratis dusj ved Surnadal Ungdomsskule:
I symjehallen ved Surnadal ungdomsskule kan folk få gratis dusj på desse tidspunkta:
Måndag-torsdag: Frå kl. 17.00-21.00
Fredag: Frå kl. 17.00-20.00
Tilbod om gratis dusj/vasking av klær ved Stangvik skule:
I gymsal - garderoben mot vest på Stangvik skule vil det framleis vere mogleg å dusje. Samstundes vil det også vere mogleg å vaske klær på skulen.
Vi ber alle om å bruka så lite vatn som mogleg, da vi har så lite å dela. Nedtrekk på WC og bruk av vaskemaskin medfører stort vassforbruk. Hjelp kvarandre og ta kontakt med kommunen slik at vi kan bistå alle så godt vi kan!
Med helsing
Mons Otnes
Ordførar