
Ingen Grammy-pris til TrondheimSolistene

- Ja ja, ingen pris på oss. Vi kan ikkje vere frykteleg skuffa for dette. Kjempeartig med Mikkel og Tor Erik, skriv Steinar Larsen i ein SMS til adressa.no, med referanse til at Mikkel Storleer Eriksen Tor Erik Hermansen i den trønderske låtskrivarduoen Stargate mottok Grammy i kategorien «Best Dance Record» for Rihanna-hiten «Only Girl (In The World)».
TrondheimSolistene var nominert både i klassen for Best Surround Sound Album og Best Small Ensemble Performance for albumet «In Folk Style». «Best Surround Sound Album»-prisen gjekk til Britten's Orchestra, medan vinnar av "Best Small Ensemble Performance" vart Hespèrion XXI & La Capella Reial De Catalunya for Dinastia Borja.
- Nominasjonane har vi fått i konkurranse med plater frå heile verda. Dette betyr at vi både blir lagt merke til og har fått eit fotfeste internasjonalt, sa Steinar Larsen til Trollheimsporten da nominasjonane vart offentleggjort i desember.
Grammy Award blir sett på som musikken sin variant av Oscar-utdelinga, og har blitt delt ut sidan 1959 for framståande prestasjonar innan musikk. Prisen blir ikkje delt ut på bakgrunn av platesal, men etter stemmegjeving frå personar i den amerikanske musikkindustrien.

.png)

