Ingen kødding
"Du kødder ikke med COOP Marked Nybø", stod det på marsipankaka som butikken spanderte på kundene sine på COOP Marked Nybø i dag. Teksta var henta frå ein kommentar dei hadde fått etter at dei fanga ein innbruddstjuv nettopp!
Les om dette i tidligere oppslag på Trollheimsporten!
Merete Børset på Coop Marked Nybø ønska på denne måten å takke politiet og andre som støtta dei før og under innbruddet natta til tirsdag. Onsdag fekk alle som var innom kaffe og marsipankake med nettopp den teksta som inskripsjon.
Kunde Geir Ove Loe og betjeninga Anne Regine Børset og Merete Børset konstaterer at lokalavisa har stort oppslag om innbruddstjuven som prøvde å svindle til seg postpakkar ved å bryte seg inn på Nybø.
Til og med folk frå nerbygda tok turen til Nybø for å markere støtte til betjeninga denne dagen, - eller var det berre for marsipankaka?