sil-mfk 20_250x166

Ingen tippa rett, men vi deler ut premie likevel!

Ingen klarte å tippe rett resultat av cupkampen Surnadal-Molde i Trollheimsporten sin konkurranse. Men mange var berre eitt mål frå korrekt resultat, og blant desse har vi trekt ut ein vinnar som får gåvekort på 300 kroner frå AMFI Surnadal!

Svært mange deltok i Trollheimsporten sin tippekonkurranse. Men at 1.rundekampen i cupen på Syltøran 13.mai "berre" enda 1-3, var det ingen som forutsåg.

Dei fleste satsa på storseier i Molde sin favør, og de største optimistane (ev. pessimistane...) sendte inn tips på resultat som 0-8, 1-9 og 0-13(!) i romsdalinganes favør. Faktisk var det berre ein tippar som trudde at Surnadal skulle klare å vinne oppgjeret mot Eliteserie-laget.

Surnadal-MFK 1-3 var det altså ingen som prikka inn. Men blant dei som var berre eitt mål frå å spå korrekt resultat, var surnadalingen Jo Are Glærum som tippa 1-4. Vi har trekt ut han som vinnar av Trollheimsporten sin konkurranse, der premien altså er eit gåvekort på 300 kroner frå AMFI Surnadal.

Gratulerer!