DSCN4732_1000x889

Innbyggarundersøking i Surnadal kommune

Surnadal kommune gjennomførte hausten 2009 ei innbyggarundersøking. Den blei gjennomført
ved å sende ut eit spørjeskjema til alle husstandane i kommunen, i alt 2403. Spørjeskjemaet
inneheldt tilsaman 83 spørsmål innafor forskjellige områder, både tenestetilbod og korleis det er
å vere busett i kommunen.

Rådmann Geir vikan (til venstre ) har gjort disse vurderingene:
Det kunne gjevast svar anten elektronisk eller at skjemaet blei fylt ut og sendt attende til kommunen, som da måtte registrere svara inn på databasen. Undersøkinga blei gjennomført ved bruk av Kommunenes Sentralforbund sin nettstad
www.bedre.kommune.no. Det var fleire kommunar som samstundes gjennomførte samme undersøking som Surnadal, noko som gjorde at ein og kunne samanlikna resultata med andre kommunar.

Ei innbyggarundersøking er ikkje det same som ei brukarundersøking. Gjennom ei innbyggarundersøking prøver ein å fange opp dei vurderingar innbyggarane har både gjennom eigne erfaringar og det omdøme som kommunen har på ymse område. Det er slik ikkje naudsynt med eigne erfaringar for å kunne svare på spørsmåla i undersøkinga. Det er vanleg at innbyggarane som ikkje har erfaring med ei teneste vurderer denne lågare enn dei som har erfaring med tenesta. Forskjellen mellom desse to er det som blir kalla ”omdømegap”.

Det er første gongen Surnadal kommune gjennomfører ei slik omfattande undersøking som dette. Det er interessant å få melding attende frå dei som bur i kommunen kva dei meiner om ymse forhold om kommunen. Kva er bra og kva er ikkje bra. Kva kan vi gjere betre for å gje ei betre teneste og kva kan vi gjere for å betre levekåra i kommunen?

Over gjennomsnittet
Når vi samanliknar Surnadal med dei andre kommunane i undersøkinga ser vi at vi er lik dei andre kommunane på dei aller fleste områda. Vi er ikkje beste kommune når det gjeld omdøme, men vi er heller ikkje den dårlegaste, men vi ligg over gjennomsnittet på dei aller fleste områda.

På spørjeskjemaet blei det og spurt om innbyggarane sine opplevingar. Dei kunne bruke eigne ord korleis ein opplever kommunen, anten det var på områder ein meinte kommunen hadde lukkast eller ikkje lukkast dei to siste åra. Det var og mogleg å sette fram konkrete forslag til kva som kunne gjerast betre. Det var mange som kom fram med sine innspel til desse spørsmåla.

I kommunestyremøtet torsdag orienterte rådmannen nærare om undersøkinga. Svara hadde ein overrepresentasjon av folk som har høgskuleutdanning. - Men det betyr lite. Likevel har ikkje fleire enn 17 prosent av surbnadalingene svart. Det er litt lite, sa han.

- Generelt ligg Surnadal stort sett foran dei andre kommunane, og det er bra. Dei er litt misfornøgd med renovasjon, noko som kjem opp på neste kommunestyremøte - NIR mot Hamos. Ellers er surnadalingane misfornøgd med kollektivtilbudet innan eigen kommune, sa Vikan. Oppvekstmiljø barn og unge er bra, mens tilrettelegging friluftsliv er noko dårleg. Butikktilbudet og bank og forsikring er surnadalingane meget godt fornøgd med. Skårar også bra på folkeliv og aktivitetar og møteplassar, og er overraskande positive til mulighetene til å skaffe seg tomt, mens mulighetene til leilighet er dårleg. Fritidstilbod, idrett og kultur skårar vi bra på. Men surnadalingane anbefaler ikkje vener og kjente å bosette seg i kommunen, sa han og la til: Det totale omdømet av Surnadal er bra - stort sett betre enn snittet i kommune-Norge, men vi har ein del område vi må arbeide vidare med. Dette er ein god tilbakemelding til kommunen.

God tilbakemelding
- Dette er ei rettesnor for oss - og det er godt å sjå at vi har lagt bra til rette for tomter. Eg er glad for positive tilbakemeldingar, sa ordfører Mons Otnes (til venstre).

- Det er bra vi har fått denne undersøkinga. Men kvifor er tjenestene dårlegare for dei som ikkje brukar tjenestene, enn for dei som bruker dei? Det har med omdømet av bygda å gjere. Eigentleg er vi gode på kafelivet og det urbane, sa varaordførar Lars Polden (Sp) (til venstre).

Ragnar Halle nemnte kollektivtilbudet - korleis skal vi  gripe det fatt? Han tykte også tilrettelegging for friluftsliv var skuffende å få. - Det trur eg har med informasjon å gjere, sa han. Bernt Venås (Sp) konkluderte med å tolke svara positivt. Han minna om den låge svarprosenten blant dei mellom 20 og 40 år. - Det er viktig kva dei meiner om kommunen, sa han.

Kommunestyret tok resultata frå innbyggarundersøkinga gjennomført hausten 2009 einstemmig til orientering.