Jonsvaka a Jon Turid Rannveig

Innhaldsrik Jonsvaka-kveld

Fredagens Jonsvaka i Åsskard kyrkje starta med 250-årsjubileum for Ole Andreas Lindeman og heldt fram med nattkonsert - ved songarinna Turid Røen Kroknes, organisten og komponisten Jon M. Skogstad og fiolinisten Rannveig Ryeng.

Bildet over: Dyktige muskarar laga fin midnattskonsert: Jon M. Skogstad, Turid Røen Kroknes og Rannveig Ryeng.
 

Supplert med innlegg frå Dordi Skuggevik og Jon Skogstad heldt Bernt Bøe lysbildekåseri over livshistoria til surnadalingen som fekk den ærefulle nemninga «Norges første Musiker». Han presenterte også andre store namn frå Lindeman-slekta. Med ein «Menuett» av Ole A. Lindeman gav pianisten smaksprøve på jubilantens musikkstil.

Etter pausens fine kaffeservering ved arrangørkoret Prosjekt 17 starta den påfølgjande konserten med kantatearien «Ein ungefärbt Gemüte» og førstesatsen frå Triosonate i C-dur av J. S. Bach.
 

Jon – også komponist

Ei stor - og for mange overraskande - oppleving var Jon Skogstad sine eige komposisjonar. Hans Bruheim-songar er stort anlagte romansar der uttrykkskvaliteten ikkje står tilbake for klassiske meisterverk i genren. Målande klaversats, songmelodikk organisk i tråd med Bruheims fine poesi og ikkje minst gjennomtenkte samspeleffekter mellom klaver, song og fiolin skapte stor oppleving.

At førsteamanuensen med oppvekst på Folkehøgskulen i Surnadal dertil har skrive opera, var også nytt for dei fleste. «Bartenderens Toleranse-arie» frå «Forbudsrepublikken» fekk ei spenstig framføring. Ei strålande opplagt Turid formidla Håkon Sundaune sin tekst med glimt i auget, og samspelet mellom vokalist, pianist og fiolinist var presist og klangfullt.

Turid song elles vakre «Min tanke» og «Ved Rondane» av Grieg og intense «Kvar finn eg trøyst» og «Bøn» av Hugo Wolf.
 

«Fjeldmelodier» og lokale folketonar

Peter Lindeman (sønnesønn av Ole Andreas) var representert med artige og velklingande «Fantasier over norske Fjeldmelodier». Her imponerte ikkje minst Rannveig med fiolinspel av høg klasse – klangfullt over heile registeret, reint og presist sjøl i intrikate løp og med humor og eleganse over strengane. «Jeg lagde mig saa sildig» vart utvida ved at Turid song teksten innimellom variasjonane.

Etter ein liten Frescobaldi-toccata på orgel avrunda trioen med lokale (og nydelege!) folketonar – «Velsignede dag» frå Åsskard, «Som den gylne sol» frå Halsa og «Se, solens skjønne lys og prakt» frå Rindalen.

Med sommarsalmen «Så grønn en drakt» som allsong tona Jonsvaka 2019 ut i årets lysaste natt.

Jonsvaka b Rannveig Ryeng.jpg
Rannveig Ryeng viste utsøkt fiolinspel gjennom heile konserten.

Jonsvaka c Kaffe.jpg
Kaffepausen i Kyrkjestua skaper god atmosfære. Rundt næraste bordet sit Målfrid Todal, Nils Røv, Dordi Glærum Skuggevik og Inge Løvendahl Mogstad.