
Innhaldsrik næringslivsdag
Sentrale aktørar under næringslivsdagen: Frå venstre næringslivsrepresentant Patrick Reurink, konferansier og representant for Surnadal kommune, Anne Polden, og foredragshaldar og markedssjef i Amfi Drift, Marita Forseth. Alle foto: Norunn Holten.
Storstua i Kulturhuset var ikkje heilt full, men det var ikkje langt ifrå da ungdommar frå Surnadal, Rindal og Halsa kom for å delta på Næringslivsdag for ungdom 2012. Til stades var 10. klasse i dei tre kommunane, 2. klasse på Surnadal vidaregåande skule og ungdomsråda i dei tre kommunane. Ungdommane fekk ein presentasjon av kva yrkesmulegheiter som finst både innanfor offentleg og privat verksemd, og dei fekk også vita kva sentrale aktørar i det lokale næringslivet kan tilby av jobbar. Sjå heile programmet for dagen og dei mange interessante foredraga her.
"Ei framtid på Nordmøre?" Det var dette spørsmålet arrangørane ønska å få eit positivt svar på frå dei frammøtte. Eit føremål med årets arrangement var nemleg å gjera det mangfaldige næringslivet i regionen synleg. Dette er eit næringsliv som kjem til å ha stort behov for arbeidskraft i åra som kjem. Arrangørane ønska også å få fram at Nordmøre er ein region med kvalitetar ein ikkje treng å utdanne seg bort ifrå. Det er ikkje lenger slik at ein må reise bort for å få seg arbeid om ein vel å ta høgare utdanning. Gjennom dei ulike foredraga på konferansen kom det klart fram at det på IndreNordmøre vil vera etterspørsel etter arbeidskraft med ulike kvalifikasjonar og kompetanse i framtida.
Marita Forseth, markedssjef i Amfi drift, snakka i foredraget sitt om den mangfaldige handelsbransjen. Ho presenterte den stadig veksande Amfi-kjeda og dei mange jobbmulegheitene som finst der. For dei som ønskjer seg ei framtid i Surnadal, er det masse mulegheiter, meinte ho, og presenterte publikum for ei heil, lang liste med forslag på konkrete jobbalternativ. Konklusjonen etter konferansen må vera: Det er fullt muleg å følgje drømmane sine på Nordmøre!
Klikk på bileta for å sjå dei større!