![Stangvik[1]_550x284](https://img7.custompublish.com/getfile.php/2195112.1537.aydtqvudcx/690x0/5162005_2195112.jpg)
Innkalling til årsmøte i Stangvik historielag
Stangvik historielag inviterer til årsmøte på Jokerbutikken på Kvanne tysdag 19. februar kl. 19.00. Sjå sakliste i saka.
Det blir årsmøte for Stangvik historielag på Jokerbutikken på Kvanne tysdag 19. februar 2013 klokken 19.00
Sakliste:
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Val av 2 personar til å skrive under protokollen
- Val av møteleiar og sekretær
- Årsmelding
- Rekneskap
- Val av
a) leiar for 1 år
b) 2 styremedlemmer for 2 år
c) 2 varamedlemmer for 1 år
d) 2 revisorar for 2 år
e) 1 medlem til valkomiteen for 3 år
- Kontingent 2013
- Innkomne forslag
- Budsjett 2013
- Aktivitetsplan for 2013
- Kaffepause
Den som ønskjer å seie frå seg verv må gjere det skriftleg til valgkomitten v/Marit Jorid Brennskag, 6642 Stangvik innen 7. februar 2013
Frist for å koma med forslag til saker som skal takast opp på årsmøtet er 15. februar 2013 til leiar Einar Grønnes.
Tema etter årsmøtet:
1. Kulturminneregistrering
Janne Carina Strand kjem for å orientere om registrering av kulturminne. Da vil vi få vite kva eit kulturminne er, korleis det skal registrerast for å ta vare på det for framtida ,og få det registrert i det som kallast kulturminneatlas.
2. Nye vegnman og adresser
Kommunen er i gang med å sette namn på vegar i alle deler av kommunen.
Leiaren i historielaget har fått spørsmål om vi vil komme med uttale i samband med namn på vegar og nye adresser på strekninga Todalskrysset-Stangvik.
Styret
