Fornøgde vinnarar

Surnadal ungdomskole

Innovasjonscamp 2018

Denne veka har Surnadal ungdomskole hatt innovasjonscamp, der elevane, inndelt i grupper, har fått besøkt forskjellige arbeidsplassar i bygda. Dei har fått tildelt oppgåver som skulle løysast, og resultatet vart torsdag lagt fram til ein jury som skulle avgjera kva gruppe som hadde løyst oppgåva på best muleg måte.

 Tilsaman vel 60 elevar hadde delteke på innovasjonscamp denne veka. Omlag halve av dei 60 var delt inn i grupper, som fekk velge frå forskjellige oppgåver som skulle løysast. Oppgåvene var gjevne av bedrifter frå det lokale næringsliv, og elevane fekk vera på besøk hos bedriftane for å læra meir om dei. Rundt 30 elevar fekk ta eit avløsarkurs i regi av kommunen og Indre Nordmøre avløsarlag, som ifølge dei sjølv hadde vore svært lærerikt. Dei hadde fått ut på gardsbesøk og delteke i både fjøsstell og fått eit innblikk i dyrehald.

Kvar gruppe la fra etter tur kva dei hadde kome fram til. Det var både filmsnuttar, powerpointpresentasjonar som illustrerte på ein god måte kva dei hadde kome fram til. Dei ga juryen ein svært vanskeleg oppgåve med å avgjera kven som var best, for her var det flust av gode idear!

Bedriftene som hadde elevbesøk, var Svorka, Pipelife, Surnadal sparebank og Surnadal kommune avd. voksenopplæringa. Der hadde elevane mentorar som hjalp dei litt på vegen fram til sluttresultatet. Elevane retta ei stor takk til sine mentorar, og tykte det var stas at dei fekk vera på besøk hos bedrifta deira.

Av idear som kom fram, kan det nevnast: Måtar å presentera produksjon av plastrør, både ekstrudering og sprøytestøyp (Pipelife), idear for å promotera og synleggjera ei bedrift i lokalsamfunnet (Svorka), inkluderingsfest for flyktningar og anna innflyttarar til bygda, med språkopplæring, hygge og kanskje ein fritidsklubb i den forbindelse.(voksenopplæringa), Eigen Youtubekanal med informasjon om banken retta mot ungdom som vil læra meir om økonomi og bankdrift.(Surnadal sparebank). 

Men vinnaren vart gruppa som hadde kome opp med ein ide til ein strømavtale for studentar. Den skulle vera slik at ein kunne betala ein fast sum kvar månad, med ein fast strømmengde slik at energien ein ikkje brukte kunne tilbakeførast til kunden og dermed redusera prisen til neste år. Ein tilhørande app skulle væra kobla opp mot strømmålaren, slik at kunden til ei kvar tid kunne lesa av kva forbruket, eventuelt overforbruket, er og dermed kunne regulera energibruken sjølv. Minnar litt om korleis fleire mobilselskap sel sine tenester. Smart! 

-Ganske gøyttj, var ein av kommetarane vinnarane hadde. -Bra å få tænkt lit sjøl å somtid, var ein annan. Pengepremien på 3000kr skulle delast med klassen og kanskje brukast på ei sosial tilstelning, trudde dei glade vinnarane.

Fornøgde vinnarar..JPG
Fornøgde vinnarar: f.v Lasse Vaseng Hansen, Erik Nordvik Berg, Amund Pihl Strand og Odin Nes. Dei fekk diplom og 3000 kroner i premie.

Juryen.JPG
Myndig og fagsterk jury: f.v Ninni Innvik, juryleiar Harald Bredesen og Bård Løfaldli
Avløsarar.JPG
Nokre av elevane som var med på avløsarkurset. F.v Una Langeland Gravvold, Johanne Kvendset Andersen og Magnus Sæter.

Pallen2.JPG
Pallen samla!  Ingeborg Polden frå skulen ved mikrofonen.