
Innskriving på Øye skule
Onsdag 23.februar var det innskriving på Øye skule for 1.klassingane som skal starte hausten 2011. Det var ein spent gjeng med fem- og seksåringar som kom på besøk! Medan foreldra var på infomøte, var dei nye 1.klassingane på innskriving saman med lærarane Ingjerd Aasen og Arne Geir Seljebø. Ungane vart lest for, dei song og dei teikna i ei kladdebok. Både boka og blyanten fekk dei med seg heim att. Det blir vel gjort mykje godt leksearbeid i tida framover... Les meir og sjå stor bildeserie her.

.png)

