004_1024x683

Premiere på ungdomsskulerevyen 2. oktober

Innspurt mot "SUSileum"!

Det er i år 10 år sidan det for første gong vart gjennomført revyprosjekt ved Surnadal ungdomsskule, og dette skal markerast med jubileumsforestilling. Forestillinga vil naturleg nok bestå av innslag frå tidlegare forestillingar, men det vil også bli noko nytt av året. Det er premiere på forestillinga 2. oktober, og elevane er no i gang med innspurten på alle frontar: Skodespelarar, songarar og band finpussar på framføringane sine, kulissemakarane begynner å få ting under kontroll, plakatane er i trykken, kostymane er ferdige og sminkegjengen klar til å ta fatt. Snart kan teppet gå opp for "SUSileum"!

Glimt frå eit nummer som er nytt for året. Alle foto: Norunn Holten

Det er altså i år 10. gong at det blir gjennomført SUS-prosjekt ved Surnadal ungdomsskule. Premieren er som sagt 2. oktober, og det skal bli i alt tre forestillingar. Anita Sande og Lisbet Gausen er prosjektleiarar for jubileumsforestillinga. - Vi plukkar frå tidlegare show pluss at det blir noko nytt, fortel Lisbet Gausen om innhaldet i forestillinga. Kanskje vil derfor dette bli ei forestilling som også tidlegare elevar ved skulen vil tykkje det er artig å sjå? Vil ein kanskje få sjå ei nytolking av eit stoff ein sjølv har framført ein gong?

Lisbet Gausen forklarar litt om årsaka til at dette årlege prosjektet er blitt ein tradisjon ved ungdomsskulen: -Dette er eit viktig prosjekt fordi elevane får vise andre sider av seg sjølv. Vi opplever kvart år at det er nokon som blomstrar- både på og utanom scena, seier ho. Alle elevane på 10. trinn deltek nemleg i prosjektet på ein eller annan måte, og gjennom arbeidet får elevane erfare at alle er like viktige for å få eit ferdig produkt. Det blir ikkje noko resultat utan dei mange som er aktive, men som ikkje visest på scenen.

Lærarane ved skulen er ansvarlege for kvar sine grupper. Ei gruppe arbeider med skodespel, og det er denne gruppa Gausen er ansvarleg for. Anita Sande leier gruppa som består av band og songarar. Tradisjonen tru stiller Rune Dalager frå musikkskulen som musikalsk ansvarleg for song- og musikkgruppa. Skodespelarar, songarar og band er no midt i sluttspurten med øvingar på Surnadal kulturhus. På ungdomsskulen er andre grupper i aksjon. Ei arbeider med produksjon av kulisser. Denne sjumannsgruppa skal lage alt som brukast til kulisser under forestillinga, og dei er no komne såpass langt at dei har alt under kontroll. Sminke- og kostymegruppa kan også rapportere at dei er i rute. Alle kostymene er ferdige. Det er laga klede som høyrer heime i fleire ulike tiår, og dei har til og med laga ei samedrakt, får vi vita! Dessutan har dei fått kursing i teatersminking. Nyleg fekk dei også to bagar med hår- og sminkeprodukt til bruk i forestillinga frå Skei Klippotek. Dette er lærarar og elevar svært takknemleg for, og har berre eitt ord til kommentar om slik ei flott gåve: fenomenalt!

Ei gruppe på tre elevar har arbeidd med plakatar, program og sponsorar. Sidan det kostar ein god del å laga ei så stor forestilling, er dette ei svært viktig gruppe. Det er ikkje berre i Hollywood finansiering er ei utfordring! Lærarane har stilt som sjåførar, og elevane har skaffa sponsorar. No er logoane til dei som vart med på plass i programmet, som straks er klart til å sendast trykkeriet. Plakatane er allereie i trykken, og dei har rett og slett blitt kjempelekre! Klikk her for å sjå sjølv!

Arbeidet med jubileumsforestillinga starta alt forrige skuleår. Planleggjinga starta etter jul, og over påske begynte elevane å øve. Etter at det nye skuleåret starta, har øvingane starta for fullt, og no er det altså ei og ei halv veke før elevane skal ta imot publikum i Storstuå på Surnadal kulturhus. Vi ønskjer dei lykke til!

Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!

009_1024x683
Toppleiarar i verda samla rundt bordet.
013_1024x683
Gjensyn med
021_1024x683
Denne gjengen har arbeidd med kulisser. To av dei sju elevane på denne gruppa var borte da bildet vart tatt.
025_1024x683
Edin Ranes tilhøyrer gruppa
029_1024x683
Sminke- og kostymegruppa vart påkosta hårprodukt og sminke frå Skei klippotek.
IMG_4987_1024x683
Gruppe som skal
004_1024x683
Skrekkfilm med ku? Den som møter opp til forestilling vil få svaret!