
Helse og familie får nye lokaler
Inntil 3 millionar kroner til nyfløya i "gammelbanken"
Formannskapet i Surnadal vedtok dette einstemmig i dag, men det var stor skepsis til å bruke så mykje pengar igjen på dette. Dei tok seg i tillegg tid til ei lita befaring i dei nye lokala (til høgre), der rådmann Geir Vikan orienterte.
Dyrt
Stig Sæther (H) tykte dette no heldt på å bli dyrt.
Rådmann Geir Vikan orienterte om saka: - Andre etasje er nå gjort i stand. Interkommunalt barnevern og PP-tjenesta har flytta inn og lokala er i ferd med å bli ein heilhet. Med dette får vi eit bra kommunehus, sa han. Lilli Husby (Ap) tykte første etasje no bør byggast om til ny helsestasjon. - Da får vi heilheten og eg går for tilrådinga, men eg vil ha inn beløpet i punkt tre - inntil 3 millionar kroner, sa ho. Dette støtta Lilly Gunn Nyheim (Ap).
- Nei no fordoblar vi bevilginga til dette bygget frå 2,5 millionar tidlegare gitt og 3 millionar med dette. Dette vil eg ikkje vera med på. Eg går i mot, sa Stig Sæther.
Politisk innlegg
Ordførar Mons Otnes (Ap) tykte ikkje det blir bruka meir pengar på dette enn nødvendig, og håpa det kunne gjerast skikkeleg no. Han takka i tillegg rådmannen for eit politisk innlegg og ville helst ikkje ha noko av det.
Rådmann Geir Vikan reagerte kraftig på kritikken - både med at dette vart dyrt og avviste at han heldt noko politisk innlegg, men orienterte om bakgrunnen for saka.
Heile saksframlegget finn du her. I tillegg vedtok formannskapet å legge inn kronebeløpet - inntil 3 millionar kroner i punkt tre.

.png)

