Inviterer til 1. mai-markering
Else-May Botten Norderhus er hovudtalar og ordførarkandidat Annett Ranes held appell når Surnadal Arbeiderparti inviterer til 1. mai-arrangement i Surnadal kulturhus.
1. mai, arbeidarane sin internasjonale kampdag, nærmar seg med stomskritt.
Tradisjonen tru arrangerer Surnadal Arbeiderparti markering i Surnadal kulturhus, og leiar Lilly Gunn Nyheim, ordførarkandidat Annett Ranes og komité- og styremedlem Ella Bolme håpar at så mange som muleg kjem.
Hovudtalar i år er Else-May Botten Norderhus. Ho er tidlegare leiar i LO i Møre og Romsdal, noverande stortingsrepresentant og frå hausten 2021 fylkesmann i Møre og Romsdal.
– Det er heilt topp at vi har fått Else-May hit. Ho har heldt tale med stor suksess her før, og med bakgrunnen hennar frå LO bør det vere høginteressant for mange å høyre på det ho har å seie, seier Lilly Gunn Nyheim.
I fjor var det Astrid Willa Eide Hoem som var hovudtalar, medan Nyheim sjølv, fylkesordførar Jon Aasen, Eskil Pedersen og Tove Lise Torve og har vore blant hovudtalarane dei seinare åra.
Annett Ranes, som er ordførarkandidaten til Surnadal Ap i kommunevalet komande haust, skal halde appell.
– Eg kjem til å ta for meg mellom anna privatisering og problematikken deltid/heiltid, retten til heil stilling. Dette er saker som er blant dei grunnleggande for både 1. mai og heile arbeiderrørsla, seier Ranes.
– Eg gler meg skikkeleg til å høyre, her bør folk møte opp for å verte betre kjende med ordførarkandidaten vår, seier Nyheim.
Mons Otnes, styremedlem i Surnadal Ap, er programleiar 1. mai, og Surnadal Hornmusikk startar programmet med å spele "Internasjonalen".
– Det vert både allsong, underhaldning og utlodning, samt kaffipause der ein får tid til å prate saman, seier Nyheim.
Trioen Ranes, Bolme og Nyheim oppmodar alle til å ta turen, men håpar spesielt på godt oppmøte frå tillitvalte og fagorganiserte.
– Eg trur dei vil ha stort utbytte av å høyre på både Annett og felta ho skal snakke om, og Else-May, med hennar relevante bakgrunn. I tillegg håpar vi at andre lag og organisasjonar og møter opp og deltek på markeringa av denne viktige dagen, seier Nyheim.
Det var god stemning då Ella Bolme (f.v.), Lilly Gunn Nyheim og Annett Ranes tysdag presenterte programmet for årets 1. mai-arrangement.
Surnadal Arbeiderparti er medlem av Trollheimsporten.