Indre Nordmøre Forsvarsforening logo

Inviterer til 30-årsjubileum

I år fyller Indre Nordmøre forsvarsforening (INF) 30 år. Jubileet vil bli markert med eit arrangement på Hammerstuene, Surnadalsøra, 20. oktober kl. 13.00. Generalsekretær i Norges Forsvarsforening (NFF), Christian Bugge Hjorth, vil saman med andre inviterte gjestar vera til stades. Alle medlemmer i INF med ektefelle/sambuar/ledsager blir inviterte til festmiddagen.

Olav Jostein Holten og resten av styret i INF ønskjer medlemmer med følgje velkomne til jubileumsfest. Foto: Norunn Holten

Det vil bli servert eit utval av varme og kalde rettar for ein kvar smak, samt dessertbord. Kvar enkelt betalar for seg sjølv, og pris per person er 300 kroner. I tillegg kjem utgifter til drikke. Velkomstdrinken blir gratis for alle.

Overnatting kan ordnast ved Vårsøg hotell tlf. 70304698 eller Hammerstuene tlf 71663175.

Program:
1. Velkomsthelsing ved leiaren av INF, Olav Jostein Holten.
2. Kort presentasjon av 30-årsmelding ved sekretæren i INF, Johs. J Vaag.
3. Festmiddag
4. Festtale ved generalsekretæren i NFF, Christian Bugge Hjort.
5. Korte helsingstalar.
6. Musikkinnslag ved Eistein Bæverfjord.

Påmelding innan 9. oktober til Olav Jostein Holten tlf. 71662021.

-Vi vil sette stor pris på om flest mogleg av INF sine medlemmer med følgje kan møte opp til jubileumsfesten, seier Olav Jostein Holten og Johs. J Vaag frå INF. Dei seier også det er ønskjeleg at dei som har utmerkingar av forsvarsmessig karakter tildelt av NFF eller tilsvarande tek på seg desse ved denne tilstellinga. - Vi i styret, som er festkomite, håpar og trur at denne 30-årsjubileumsfeiringa skal bli eit festleg og minnerikt samvær. Meld dykk på, og vel møtt! oppfordrar Holten og Vaag på vegne av styret.