fottur_350x364

Inviterer til fottur

Trimgruppa i Bæverfjord i.l. inviterer til fottur til Flåttasetra onsdag 8/6. Dette er ein relativt kort tur som eignar seg godt både for store og små. Det blir felles avgang frå Myrholten og rast ved trimposten til idrettslaget ved Flåttasetra.

Trimgruppa oppfordrar elles folk til å koma seg opp av godstolen i sommar og ut i naturen anten ved å gå for trimmerke eller krus.

Alle som går ti turar eller meir til same trimpost, får gullmerke. Dei som går ti turar eller meir til ulike trimpostar, får trimkrus. Ein ekstra bonus for dei som går for krus, er at dei også får sjå kor mange fine turmål det finst rundt om i bygda.

Kvifor ikkje ta kveldsmaten i det fri ved Flåttasetra på onsdag?

Mvh Trimgruppa i Bæverfjord i.l. v/Norunn Holten