Plekterfesten_350x261

Plekterfesten 2011: Massiv musikkmønstring på hotellet og i kulturhuset

Inviterer til rock og mimring

2. og 3. september neste år blir det massiv musikkmimring med ei lang rekkje midtnorske band og artistar frå 60-, 70- og 80-tallet. Det er i alle fall ambisjonen til Marvid Nilsen og Plekterfesten.no, som i samarbeid med Vårsøg Hotell og Surnadal Kulturhus er i full gang med planlegginga av Plekterfesten 2011. Både hotellet og kulturhuset skal koke av musikk den helga, i form av konsertar, show, filmframvising og utstilling av bilder og plakatar.

Marvid Nilsen, som musikkinteresserte kjenner frå band både frå Sunndal og Halsa, samla i 2007 Valsøyfjord-grupper frå 70- og 80-talet til mimrekonsert i den gamle kraftstasjonen på Enge. Plekterfesten 2007 vart ein kjempesuksess med åtte band, 550 publikummarar og stor stemning.

I kjølvatnet av denne musikarmønstringa har Nilsen også bygd opp nettstaden Plekterfesten.no, som nærast fungerer som eit stort lokalhistorisk arkiv med plakatar, bilder, avisutklipp og lydspor av midtnorske orkester frå 50-talet og fram til i dag.

No satsar Marvid Nilsen og Plekterfesten.no igjen, og har inngått samarbeid med Vårsøg Hotell og Surnadal Kulturhus om Plekterfesten 2011 første helga i september. Mønstringa vil vare heile helga, med start fredag kveld. Etter planen skal det bli konsert i Storstuå laurdag ettermiddag og kveld, med midtnorske band og artistar frå 60- og 70-tallet som aktører.

- Både fredag og laurdag kveld vil vi ta i bruk "Gla'laksen" på hotellet med show og dans, også her med markante band fra regionen, seier Nilsen. Også Storstuå, Finstuå, Foajeen og kinosalen i kulturhuset skal fyllast med lokal musikk under Plekterfesten 2011. Det vil mellom anna bli vist film frå Plekterfesten 2007 i Valsøyfjord, og det blir stilt ut bilder, plakatar og anna bandutstyr i Finstuå og elles i bygget av artistar frå 50-, 60-, 70- og 80-talet.

- I den samanheng er vi interessert i å kome i kontakt med nokon som kan ha ein gammal bandbuss å låne ut, seier kulturhusleiar Karstein Telstad.

- Her blir det gode mulegheiter til mimring og til å drøyme seg bort for ei lita stund, seier Marvid Nilsen. Han har allereie vore i kontakt med fleire musikarar, og seier interessa for å delta på Plekterfesten 2011 er stor.

- Målet er at vi så langt på veg som muleg skal få samla originalbesetninga av gruppene. Det vil bli band frå heile regionen - ikkje berre Surnadal, Rindal og Halsa, men også musikarar frå Sunndal, Sør-Trøndelag og Romsdal er kontakta.

- Dette er kulturhistorie. Marvid er ei ildsjel, og vi er svært glad for at han presenterte denne ideen og at han vil ha med oss på samarbeidet, seier hotelldirektør Bergsvein Brøske.

Marvid Nilsen vil ikkje offentleggjere namn på aktuelle grupper og artistar enno, til det er planlegginga enno for tidleg i prosessen.

- Vi vil gå ut med artistlistene og andre relaterte ting på hemiesida vår. Følg med på hotellet si heimeside eller direkte på Plekterfesten.no, oppfordrar han.

Sjølv har Nilsen spela i ei lang rekkje orkester frå 60-talet og framover. På spørsmål frå Trollheimsporten om han sjølv skal på scena under Plekterfesten 2011, svarar han:

- Det måtte i så fall bli med det første bandet eg spela i - Head of Bright, som vi starta på Sunndalsøra i 1966. Får vi samla den gjengen, så kanskje...

Bilde nr. 1 viser kulturhusleiar Karstein Telstad (t.v.) og hotelldirektør Bergsvein Brøske som flankerer Marvid Nilsen med Hagström-gitaren han kjøpte i 1968 for 1250 kroner. Ein solid sum den gongen...

Bilde nr. 2 viser ei yngre utgåve av Marvid Nilsen (t.h.) i Sunndal-bandet Head of Bright, på siste halvdel av 1960-talet. Dei andre medlemmene er f.v. Harry Kvande, Per Martin Fandrem, Terje Hansen og Randolf Reitan.

Sjå fleire bilder, høyr musikk og les om lokal rockehistorie på Plekterfesten.no.