Felleskor Todalen %C5sskard UTSNITT_350x372

Inviterer til vårsongfest i Bøfjorden

Eit sikkert vårteikn i Bøfjorden er Syng-med-oss på grendahuset kvar 1.mai. Komande søndag er det igjen songkafe med kor, orkester, allsong og underhaldning.

Ein vår-yr flyttfugl er orkesteret “Hjemmelaget”. Peder Hønsvik, hans trekkspel og gode medmusikantar skaper vellyd og god stemning.

Todalskoret og vertane i Åsskard Kyrkjekor byr på vårlege tonar, gjenhør med evergreens frå Ønskekonsertens dagar - og litt nyare klangar. Solist Sigrid Bøe blar i toneskattar av Grieg og andre store.

Ei danseglad barnegruppe frå Bøfjorden skule inntek scena med elegante rytmer. Bygdehumoren slepp også til – med lokale vers og meir eller mindre sannferdige skrøner.

Song-kafeen har sjølsagt skikkeleg kaffe-pause. Da går også loddbøkene salen rundt.

Og skulle nokon ha lyst til å bidra med gevinstar, blir det enno meir å vinne! seier arrangørane i Åsskard Kyrkjekor.

Sjå plakaten for arrangementet her.