Picasa

Isolert

Det har vore ei ekstraordinær tid i Todalen etter det store raset i Todalsstranda gjekk onsdag 31. juli, skriv todalingen Einy Rendal Elgsæther i eit innlegg til Trollheimsporten der ho deler nokre tankar om korleis det er å vere isolert av ras.

Slik såg eg raset heimafrå.

 

Det har vore ei ekstraordinær tid i Todalen etter det store raset i Todalsstranda gjekk onsdag 31. juli.

 

Dei første par dagane var nok befolkninga prega av sjokk og vantru, og samfunnet var på ein måte lamma av isolasjon, straumbrot og brot på mobildekning. Alt stod stille, og alle spurde: Kva skal vi gjera no? Bøndene fekk ikkje mjølka kyrne, butikken var mørklagt, terminalen virka ikkje, heller ikkje bensinpumpa, dei som var på arbeid utanom bygda, kom seg ikkje heim, og dei som var i bygda, m a mange feriefolk og turistar, kom seg ikkje ut med bilar og campingvogner. Gamle og sjuke venta på hjelp, og somme vart etter kvart frakta ut til omsorgssentra. Fjorden var full av drivtømmer langt utover, så det var også risikabelt å gå med båt, store tømmerstokkar som var både kvista og barka på veg ned lia.

 

Fjordsida er godt reinsa for vegetasjon.

 

Men det gjekk ikkje lenge før både politikarar, offentlege instansar og lokalbefolkninga bretta opp ermane og fekk til løysingar. Aggregat vart køyrt inn til hjelp for bøndene og butikken, og også for frysarar og kjøleskap i privathushaldningar. Privatbåtar frakta forsyningar til butikken som fungerte imponerande trass i problema. Folk fekk utan problem handla «på krita».

 

Det var ein fantastisk samarbeidsvilje og arbeidsinnsats for å få ting i gang. Dei av oss som måtte ut dei første dagane ved hjelp av privatbåt, drosje og buss, måtte vassa gjørma frå stranda til vegen i Svinvika. I løpet av helga greidde arbeidsmannskapet å få til veg ned til kaia og veg til stranda for militært landgangsfartøy som kunne frakta inn mjølkebil, bensinbil og forsyningsbilar, og etter ei veke kunne søppelbilen koma seg ut med sitt stinkande innhald. Imponerande innsats!

 

Dette bildet viser kor bratt fjordsida er. Ikkje mykje feste for snøen der til vinteren.

 

Det var ei stor lette da mobildekninga kom på og da straumforsyninga kom att, og da ein passasjerbåt vart satt inn i rute mellom Todalen, Svinvika og Kvanne. Men først måtte oppryddingsfartøy rensa fjorden for farleg drivgods.

 

Media har fått fram den kritiske situasjonen for folk og dyr. Men ein fekk også reaksjonar og spydige kommentarar da media ein dag melder om tusenvis av liter mjølk som blir tømt i møkkakjellarane og neste dag om problemer med å få inn nok mjølk til butikken!! Ja, da kan ein spør kor rigid og hjelpelaust samfunnet vårt er i ein krisesituasjon, og kor bakbundne vi er av reglar og lover. (Frå Brüssel?). Kva dersom vi får oppleva ein større og meir omfattande katastrofe i samfunnet vårt? Ein terroraksjon som lammer alt? Det er kanskje nyttig å få prøvd litt først, når det var så heldig at det ikkje gjekk liv.

 

Og vi såg vel også at det er godt å ha fleire bein å stå på. Den kommunikasjonen som fungerte, var fasttelefonen, den som styresmaktene vil leggja ned. Og det var eit stort gode å ha mange privatbåtar som kunne trå til.

 

Enno har vi ikkje fått ferje, men det skal visst bli, og vi håper det ikkje blir lenge til vi får vegen tilbake.

 

Det vi i alle fall har lært, er kor sårbart samfunnet vårt er, kor avhengige vi er av straum, elektronikk, data, og kor viktig det er med samhald og samarbeidsvilje og dugnadsånd i eit lokalsamfunn.

 

Einy Rendal Elgsæther (tekst og foto)