5

Ja til nye turisthytter i verneområde

Surnadal formannskap støttar Kristiansund og Nordmøre Turistforening si langtidsplan som mellom anna inneber bygging av sjølvbetjente overnattingskvarter ved Kalsetsetra, som ligg i eit skogreservat, og i øvre delar av Fagerlidalen/Romådalen, som er i Trollheimen landskapsvernområde. - Vern betyr ikkje at områda ikkje skal brukast, men at dei skal forvaltast fornuftig, meiner Gunhild Bøklepp Bøe (Sp) og resten av fleirtalet i formannskapet.

Begge kvartera ligg i Surnadal kommune. Dei formelle prosessane knytt til tillatelse til bygging er ikkje kome i gang, med unnatak av kontakt med aktuelle grunneigarar.

I den nordvestlege delen av Trollheimen er det i dag lange avstandar mellom turistforeningshyttene. Det er snakk om 7-8 timars turar effektiv gange. Ei ny hytte i dei øvre delane av enten Fagerlidalen eller Romådalen vil dele turen mellom Todalshytta og Vindølbu i Vindøldalen i to etappar, likeins turane mellom Vindølbu og Trollheimshytta, og mellom Vindølbu og Kårvatn, heiter det i saksutgreiinga.

Eit nytt overnattingskvarter på Kalset vil evtentuelt bli ein del av Fjordruta. Jutulbu rett nord for Settem i Bøfjorden er i dag den vestlegaste hytta i Fjordruta med ein relativt lang dagstur til Innreiten i Halsa. Med eit overnattingskvarter på Kalsetsetra kan denne strekninga delast i to, og høvet til å bruke ei heil helg i fjellområdet mellom Bøfjorden og Halsanaustan oppstår. Konkret løysing for å få til eit kvarter er å renovere Kalsetsetra som er til nedfalls.

Verneforskrifta for Trollheimen landskapsvernområde frå 1987 sier at formålet med vernet er ”å ta vare på eit særmerkt og vakkert fjellområde med skog og seterdalar og eit rikt plante- og dyreliv”. Ifølgje vernereglane er alle inngrep som vesentleg kan endra karakteren til landskapet forbodne, til dømes oppføring av bygningar. Etter søknad kan det opnast for bygging av turisthytter og anlegg for friluftslivet. Dei øvre delane av Fagerlidalen/Romådalen ligg i ei sone med ekstra strengt vern.

Formålet med fredinga av Kalset naturreservat er å ta vare på ein av dei mest artsrike almhasselskogslokalitetane i fylket.

Gjeldande samfunnsdel til kommuneplana seier tydeleg at Surnadal kommune, gjennom samarbeid og eiga satsing, skal bli mellom dei fremste og mest kjente i Midt-Norge inna friluftsliv. Den seier også at det skal satsast på utvikling av natur- og kulturbasert reiseliv, og at god folkehelse skal utviklast gjennom mellom anna meir fysisk aktivitet.

Når fleirtalet i Surnadal formannskap støttar KNT si langtidsplan som mellom anna inneber bygging av sjølvbetjente overnattingskvarter i øvre delar av Fagerlidalen/Romådalen og ved Kalsetsetra i Bøfjorden, er det fordi dei meiner tiltaka er i tråd med kommunen sine strategiar innafor friluftsliv, næringsutvikling og folkehelse.

"Merking av stigar til dei nye hyttene og vidare til eksisterande hytter i tråd med KNT sin tradisjon og standard er ein naturleg del av tiltaka. Dersom det oppstår konflikt med vedtatte vernereglar for områda hyttene ligg i, bør det søkast kompromiss og minnelege løysingar", heiter det i vedtaket.