Fasteaksjonen 2017
"Ja, vi elskar dette vatnet"
Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon skjer i år 4. april. I Rindal og Surnadal går konfirmantane frå dør til dør frå kl.17.00 og samlar inn pengar som skal gå til det globale arbeidet med å skaffe folk reint vatn og gode sanitærforhold.
Ola Røe frå Nordvik, er ein av mange frivillige i soknerådsarbeid, og i Stangvik sokneråd har han vore Kirkens Nødhjelp sin kontakt (KN - kontakt) i fleire soknerådsperiodar, så lenge at han nesten er komen ut av rekninga, 10 år i alle fall har det blitt!
På spørsmål om kvifor fortsette med dette etter han er gått ut av soknerådet, og er travel pensjonist, svarar han at det er "kjøle artig" å vere i lag med ungdommar! Ikkje minst å oppleve deira engasjement, og at han sjøl føler det er meiningsfullt å vere med på denne innsamlingsaksjonen for folk som lever under heilt andre kår enn oss, der vatnet for mange må berast i fleire kilometer, viss dei i det heile har vatn da!
Han har sjølv, i lag med kona Ingrid, på tur i Uganda, opplevd å sjå at hjelpa kjem fram, nemleg at det var brønnar ved vegkanten, der jentene henta vatn i gule kanner! Ofte må dei gå i 40 min kvar veg for å hente vatn!
På same turen møtte ekteparet Røe også Stella igjen, ei jente frå Uganda som dei blei kjende med i Norge, og som dei har støtta økonomisk med utdanninga! Det var sterkt og spesielt å møte ho igjen, og høyre ho syngje " du som metter liten fugl..".
Alle konfirmantar og sjåførar, og KN - kontaktane må før den store innsamlingsdagen møte til orienteringskveld, og då er det Ola som organiserer kjørerutene og sjåførane til konfirmantane i Stangvik.
På aksjonsdagen er det ein ivrig Ola som sørgjer for at bøssene er plomberte og som kontrollerer at alt er i orden med navneskilt før konfirmantane blir køyrde til dørene!
Ola si erfaring er at alle er positive til å delta i Fasteaksjonen!
Han presiserer at det er viktig at innsamlingsaksjonen blir godt publisert, slik at folk kan ordne seg med kontantar!
I Rindal og Surnadal foregår aksjonen tysdag 4. april frå kl.17.00.
Etter utført oppdrag, blir konfirmantar og kjørarar servert vaflar og kaffe, som takk for innsatsen!
R.B.