9

Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og Romsdal arrangerte

Jaktcamp på Gråhaugen

18 ungdommar frå mange stader i Møre og Romsdal har denne veka storkosa seg ved Gråhaugen fjellstue der det vart felt både rype, hare og trast.

Ingressbilde: Deltakarar og instruktørar saman med hundar og noko av fangsten.

Onsdag morgon besøkte Trollheimsporten Gråhaugen fjellstue. Leiren skulle i utgangspunktet arrangerast i Sunndalsfjella, men på grunn av mykje snø blei det flytta til Gråhaugen.

Håvard Wiggen er trønder busatt i Molde. Han har fullstilling ved NJFF Møre og Romsdal der han arbeider som friluftsveileder. NJFF Møre og Romsdal har omlag 4.000 medlemmer.

Ungdommar frå Surnadal, Ålesund, Bud, Bolsøya, Volda, Giske, Skåla, Kvanne og Molde deltok på campen ved Gråhaugen måndag til torsdag. Håvard er glad for at ungdommen vil kome og bruke ferien sin saman med dei på fjellet. Då Trollheimsporten spurte surnadalingane kva som er best med campen, var det eit samstemt svar: Å dra på jakt.

Her er det ikkje fokus på mange skudd; det er viktigare å lære seg korleis ein skal opptre som ansvarsfull og god jeger.

Og her må alle ta i eit tak. Dei tek ansvar for å tørke kleda sine til neste dag, og dei hjelper til med måltid og oppvask. For dei skal òg få innblikk i korleis jaktlaglivet er; det er viktig å vere samarbeidsvillig og hjelpsam for å ha eit godt miljø i jaktlaget. Dei fortel om leirdueskyting, felling av ryper, harejakt og ikkje minst trastjakt. Håvard informerer om at trast er ein uutnytta ressurs, og smakar nesten som rype. Til kvelds blir det pizza, og målet er å få til minst éin trastepizza.

9.10.2019 Jaktcamp 3.jpg
Erling Waag (16), Ole Moe Stensønes (snart 15), Audun Humberset (13), Tommy Grøtan Øye (15) og Lars Holte (15) gler seg til dagens opplevingar. Dei fire eldste var òg her på jaktcamp i fjor. Yngstemann er litt for ung til å bære våpen, men han får mykje skryt for at han er så hjelpsom. På tirsdag fòr Audun med den eine hunden på jakta. Det var stas. 

9.10.2019 Jaktcamp 4.jpg
Kjentmann i området Ådne Næss Aune klar for ny tur.

9.10.2019 Jaktcamp 5b.jpg
Håvard lærer ungdommen korleis dei ordner lykkjer for å henge opp fangsten, før dei deler seg i fleire lag for å gå på jakt. 

9.10.2019 Jaktcamp 1.jpg
Magnus Ramstad (16) frå Ålesund og Lukas Giskeødegård frå Giske (16) viser stolt fram noko av gruppas fangst. Dei får oppleve kjekke opplevingar med veldig greie folk, kunne Lukas fortelje.

Når kvelden kjem, er det tid for å henge opp våte klede og gjere seg klar for ein ny dag på jakt, før dei set seg i fjellstua i varmen frå peisen og spelar kort. Her er det idyll både ute og inne.

9.10.2019 Jaktcamp 6.jpg
Det er ikkje vanskeleg å forstå at det er trivsel blant gjengen i desse fine omgivelsane med engasjert mannskap og ivrige deltakarar.