Lørdag
Lørdag Skyet
-1°
Skyet
Flau vind
Søndag
Søndag Lettskyet
-4°
Lettskyet
Flau vind
IMGP1140

– Jess, der fekk eg det til!

Slik lyr det frå Kulturvøkku-utstillaren til Rindal Kunstlag når ho lukkast med ein akvarell! Det er Hilde Karlsen (t.h.) som stiller ut akvarellar på Rindal Skimuseum i alle rom på Løsetlånna.

Ledaren i Rindal Kunstlag, Camilla Stokke (t.v.), presenterte kunstnaren, som ho meinte passa godt til oss i Rindal. Hilde Karlsen er frå Fevåg, og no bur ho i Trondheim og arbeider i Atelier Dora. Ho er svært glad i naturen og fjellet, noko du ser på utstillinga.

2019-06-29 14.45.06.jpg
Hilde Karlsen har med seg 71 bilde som er stilt ut i alle rom i Løsetlånna. Ho gav oss også ei interessant innføring i korleis ein arbeider med akvarellar. Papiret er viktig for akvarellmåling.  Det kvite er papiret, ikkje måla. Det er vatn som er tynnings- og rensemiddel, noko som ligg i namnet. Akvarell er ein gammal kunst. I motsetning til ved akryl- og oljemaling, kan ein ikkje måle over og legge på nye fargar, og det er lett å misslukkast.

Karlsen kallar forholdet sitt til akvarellmaling noko midt mellom lidenskap og galskap. Det er når ho etter fleire forsøk får bildet til å bli akkurat slik ho ønska, ja gjerne betre enn ho trudde, at ho kan bryte ut: - Jess, der fekk eg det til!

2019-06-29 15.16.47.jpg
Svarthetta

IMGP1133.JPG

IMGP1145.JPG

IMGP1146.JPG

IMGP1147[1].JPG
Ser du etter, vil du sjå at det er ikkje tilfeldig kva for bilde som heng på dei ulike veggene.

Alle bilda i utstillinga er originale, det er ingen trykk.

PS: Første bildet var seld umiddelbart etter opninga!

Her kan du sjå reportasje frå opninga av utstillinga på Dalalåven!

Begge kunstutstillingane er opne frå kl. 11.00 til 17.00 kvar dag heile Kulturvøkku 2019, bortsett frå laurdag 6. juli, da dei stenger kl.16.00.