Jessvinjnjt

- bærre e får litt tid på me, skriver Ingfrid Opøyen.
Takkar Joralf Halgunset for utfordringa, men når eg les orda som har kome opp på internettet, så er eg ikkje så sikker på at eg har meir å bidra med.
Ja, har notert ord som har vorte sagt. Samla dei og send dei (ja, i brev med frimerke) til folk eg kjenner. Spesielt har dei som ikkje bur i bygda lenger sett pris på dialektorda mine. Men, det heile starta vel med at far min gjekk engelsk-kurs på Skogen skule på 80-talet. Da dukka det opp ord som ikkje finns i noka ordbok. Han kombinerte engelsk med norsk. Desse orda byrja eg etterkvart å samle, og i tillegg kom jo desse rindalsorda også opp som noko eksotisk. Når ein ikkje lenger bur i bygda, da er det dessverre sjeldan eg kan snakke om gøtjtj og glaschist, og at eg kan gjere med forstått med det.

"Heén fått se ståkar?"
"E fer å sæll nommer".
"Æn lyt bruk færrstanjnje denjnj så heé"
"Et´n se ittj metjtj, så slækje´n se ittj metjtj hæll"
Og ho som gjekk i tysko heile vinteren, og som sa: "d bli nå likar no", da det byrja å gå mot vår.
Og ein lommundaling, eller var det rørdaleng?, som gjekk til doktor på Orkanger. Han hadde vondt i foten. Det veks ikkje opp slike tøffingar no for tida.
Kor har det vorte av alle utnamna på folk?