Jo Sverre fekk Adresseavisens musikkstipend
Under nyttårskonserten som Adresseavisen arrangerte fredag kveld fekk Jo Sverre Sande frå Rindal Adresseavisens musikkstipend.
I intervju med Adressa fortel Jo Sverre at han fekk ei av dei største overraskingane sine da han fekk høre om stipendet. Han trudde dei ville ha eit vanleg intervju med han om plata han nettopp gav ut. Intervjuet kan du lese på Adressa+ og i papirutgåva lørdag.
Under Nyttårskonserten framførte Jo Sverre låta «Ka om» frå plata «E» som ha gav ut før jul med bandet sitt og TSO.
Han opplevde at songane han skreiv på rein rindalsdialekt slo riktig godt an og vart spela i radio både lokalt og på riksnettet. Sjølv om han har ein mastergrad i historie, får vi nok heilt sikkert fleire songar frå Jo Sverre – på rindalsdialekt!
Trollheimsporten gratulerer med stipendet!
Sigrid Vetleseter Bøe var solist på «Time to say goodbye» saman med Didrik Solli Tangen og TSO under Nyttårskonserten.
To andre store prisar vart også delt ut: Christian Berge vart kåra til Årets Trønder 2017, og Nidarosdomensjentekor fekk Adresseavisens Liv Ullmannpris.
Foto: Gerd Ingrid Kvendset.