Ambulanse

Jobbar vidare med planane om ambulansekutt

Styret i Helse Midt-Norge avviser ikkje forslaget frå ei arbeidsgruppe om å redusere ambulansetilbodet i Rindal, Surnadal og Sunndal. I møtet torsdag vedtok eit einstemmig styre at saka no skal sendast ut til høyring til dei ulike helseforetaka og kommunane som blir omfatta av kuttforslaga. Den noverande ambulanseavtalen går ut 31.desember 2012, og Helse Midt-Norge kjem til å ta stilling til den framtidige ambulanseorganiseringa i mars/april i år.

Arbeidsgruppa som har vurdert ambulansesituasjonen på vegne av Helse Midt-Norge, går inn for at stasjonen i Rindal blir flytta til Storås. For både Surnadal og Sunndal er forslaget at den noverande ordninga med to ambulansar på vakt 24 timar i døgnet, skal reduserast slik at det på ettermiddag og natt (mellom klokka 18 og 08) berre er éin ambulanse på vakt. Innsparingane blir vurdert til fire årsverk og to millionar kroner per døgnbil som blir omgjort til dagambulanse.

Ambulanse

Utvalet meiner at både Surnadal og Sunndal i dag har betre anbulansetilbod enn samanliknbare kommunar i regionen. Rapporten hevdar også at ambulansen i Rindal, ut frå erfaringane dei siste åra, vil vere nærare flest brukarar ved å stå stasjonert på Storås.

Forslaget er blitt møtt med sterke reaksjonar. Ordførarane i Surnadal og Sunndal har sendt brev til styret i Helse Midt-Norge, med klar beskjed om at ein reduksjon av ambulansetilbodet vil vere uakseptabel.

Les brevet frå Surnadal-ordførar Mons Otnes her.

Facebook-gruppa ”Vi som vil beholde den nåværende ambulanseordningen” vart oppretta tirsdag, og hadde torsdag kveld passert 2200 sympatisørar. Det er også lagt ut underskriftslister på fleire butikkar i Surnadal samt på underskrift.no, der det per torsdag kveld var registrert 313 signaturar.

Les meir om folkemobiliseringa på indre Nordmøre her.

Men etter møtet torsdag, kjem altså styret i Helse Midt-Norge til å jobbe vidare med forslaget om å redusere ambulansetilbodet i distriktet. Revisjonen av prehospital plan for Helse Midt-Norge, som ambulanseorganiseringa er ein del av, går no altså ut til kommunane og helseforetaksstyra, slik at dei skal få gi innspel og vurderingar. 

I vedtaket torsdag skriv styret i Helse Midt-Norge også at det skal leggjast til grunn det overordna prinsipp at "befolkningen skal gis nødvendig spesialisthelsetjeneste av høy kvalitet og med god tilgjengelighet, og at dette er førende også for de prehospitale tjenestene".