Jørgenkveldøving 1_350x223

Jørgenkvelden nærmar seg

Gjengen som står bak den nye hyllesten til Jørgen Gravvold i Storstuå laurdag, er no i innspurten med øvingane til kulturkvelden. Saman med Svarrabærje Teaterlag og aktørar som Holger Skei, Kolbjørn Botten, Karstein Mauset, Johnse Sættem og Bernt Bøe, lovar initiativtakar Svanhild Husby ein kveld med humor, alvor, song, dramatisering og både kjent stoff og tidlegare upubliserte tekster.

Tirsdag kveld var mange av aktørane samla til øving i Surnadal Kulturhus saman med orkestret, beståande av Per Holten (gitar, trekkspel), Rune Dalager (gitar), Jostein Dønnem (bass) og Helge Nilsen Wesche (trommer).

- Jørgen var eit svært fint menneske, som eg var så heldig å bli godt kjent med i samband med kabareten i 2001. Jørgen skreiv med mykje humor, men hadde også mykje sorg i dikta sine, har Svanhild Husby uttalt i eit tidlegare intervju med Trollheimsporten i samband med den foreståande Jørgenkvelden.

Ho mista sonen Lukas i krybbedød for nokre år sidan, og fann trøyst og styrke i musikk og Jørgen sin dikt. Delar av inntekta frå kulturkvelden 30. april vil gå til forsking på krybbedød i Norge, i tillegg til at ein viss prosent går til Jørgenfondet.

Det blir lagt opp til ei variert forestilling med mykje musikk, song, dramatisering og opplesing, og fleire av tekstene blir presentert med heilt nyskrevne melodiar.