
Jøss, for ein jazzkveld!

Vårsøg Hotell har som mål å bli kjent som "kulturhotellet", og satsar difor på å gje også det vaksne publikummet musikalske tilbod.
Eit av tiltaka i den samanheng er musikk- og matkveldar, og første forsøk skjedde fredag, med jazz og ostebuffet i Horisonten Restaurant. Rundt 40 publikummarar fekk servert både gode ostar og smakfull standardjazz.

Saksofonist John Pål Inderberg og kontrabassist Bjørn Alterhaug er musikarar i europeisk toppklasse, og dro i tillegg til med hysterisk artige dikt og historier med stadige sidesprang og vanvittige assosiasjonsrekkjer.
Dei som har opplevd Inderberg i fri dressur under Vårsøghelgene i Surnadal, veit at det meste kan skje - og konserten fredag kveld var ikkje noko unnatak.

Inderberg og Alterhaug meistrar improvisasjonen både i musikk og tale. Smått surrealistiske historier om elgjakt, vart avløyst av vakre ballader, som igjen vart avløyst av publikummmarar som tok utfordringa om å gje danseoppvisning. Før Inderberg målte blodtrykk og puls på Holger Skei for å finne tempo til neste melodi...

.png)

