Rindal Pensjonistlag forteller:
Johan Helgetun på Åpen dag
Medlemer i Rindal Pensjonistlag møtte til Åpen dag på Eldresenteret torsdag 13.11. Johan Helgetun var gjest denne dagen. Gjennom ord og bilde gav han forsamlinga ei grundig orientering om brannen i kyrkjetårnet.
Det kom tydeleg fram at brannmannskapa gjorde ein fantastisk jobb natt til 27. september. Det var nok og mange som tenkte på prestasjonen til dei som reiste kyrkjetårnet i 1873, med 17 meter lange stokkar og handsmidd spikar som vog 1 kg. Johan forklarte og om reparasjonsarbeidet som er i gang. Samarbeidet med forsikringsselskapet er godt, og alle nødvendige reparasjonar blir dekte. Det vil truleg vare heilt til sommaren før kyrkja kan takast i bruk att.
Johan fekk velfortent takk av Olav Helgetun, som var dagens møteleiar. Som vanleg var det servering av mat og kaffe. Arvid Halsetrønning spela til allsong.
Tekst og foto Ann Grimsmo