
Jonsvaka i Åsskard
Åsskardjenta Sigrid Vetleseter Bøe har fått med seg åtte medstudentar – fire med songstemmen som instrument, dei fire andre utgjer strykekvartetten i BareBarokkBandet (bilde til høgre)
Mange vil hugse den fine julekonserten med mange av same songarane i Øye kyrkje i desember. BareBarokkBandet har spesialisert seg på eldre musikk og gler seg til Vivaldi og Haydn.
Mellom dei nemnte verka dannar songjentene eigen kvintett – i “Ubi caritas” av komponistfenomenet Ola Gjeilo og “Fader Vår” av norsk kyrkjemusikks grand old man Egil Hovland. Mildred og Maria syng “Marias Voggesong” av Max Reger, og som solist framfører Emely Waet “Ave Maria” av Camille Saint-Saens. Margaret Rensvik trakterer klaver og orgel.
Alt dette skjer under midnattskonserten – siste del av den sommarlege kulturkvelden.
Første i det tredelte programmet kjem biletkåseriet “Den Konst, hvormed Aanden opløftes” – der Bernt G. Bøe tek forsamlinga med på ei kjapp og munter vandring gjennom nordmørsk song- og musikkhistorie.
Etter ei lita hyggestund med kaffe og noko attåt er det altså duka for ein sommarlett musikalsk meny.
Antonio Vivaldi – kalla “den røde prest” på grunn av utdanning og hårfarge – var lenge glømt, men har vorte ein av klassikkens mest populære komponistar. Hans “Gloria” har tekst frå gudstenesta og er forma i vekslande satsar for kor og solistar. Her syng Sigrid Bøe sopran og Maria Nohr alt. (Mange kjenner dei to frå årets påskekonsertane med Stabat Mater av Pergolesi.)
Haydns korte “Messe i F-dur” er hans første kjente verk – laga i tenåra. Den spenstige musikken var framført også i påska i Åsskard – da som no med søstrene Sigrid og Nora Bøe som sopransolistar.
Årets Jonsvaka er den 31. i rekkja sidan starten i 1982. Arrangementet feirar altså 30 år og er kanskje eit lite jubileum verdt?
Billettar (kr 150,-/50,-) blir selt ved inngangen og dekkjer både kåseri, kaffe og konsert.
Unge røster på årets Jonsvaka. Frå venstre Mildred Røthe, Emely Waet, Maria Nohr, Anne Birgitte Røkke og Sigrid Bøe.

