
Jubileum med SUS!
"Her kommer vinter'n med dyktige songarar frå Surnadal ungdomsskule. Alle foto: Norunn Holten
Den første av i alt fire forestillingar er alt gjennomført, og dette var ei forestilling det tradisjonelt er knytta mykje spenning til. Dette er nemleg den såkalla «elevforestillinga» der publikum i salen er andre elevar på Surnadal ungdomsskule samt sjuandeklassingar frå heile kommunen. 10.-klassingane hadde ingen grunn til å bekymre seg: Forestillinga gikk knirkefritt- noko som skuldast god innsats både på og utanfor scenen. Oppsettinga verka godt gjennomarbeidd, og skifta mellom dei forskjellige innslaga sklei lett. Konferansierane Vilde Fiske Nes og Lars Bæverfjord losa publikum sikkert gjennom forestillinga og batt det heile godt saman.
Nivået på 10.klasserevyen er imponerande, ikkje minst ut ifrå at dette er eit prosjekt der alle elevane deltek- uansett interesse eller personlege forutsetningar for å drive med teater. Sluttresultatet er eit bevis på at det er muleg å finne ein plass som er riktig for alle i eit slikt prosjekt. Mykje arbeid er gjort på førehand: kulisser og kostymer, program og plakatar er laga. Nokon har arbeidd med finansiering, andre med rekvisittar eller dokumentasjon av prosjektet. Det har vore øvd og drilla, og på tysdag satt forestillinga som ho skulle. Dette vart jubileum med SUS!
Har du ikkje skaffa deg billettar enda? Da er det ingen grunn til å vente, anten du har ein slektning eller venn i aksjon, eller om du berre generelt er interessert i revy. SUSileum skapar nemleg store forventningar til kva framtida vil kunne bringe av «gaue» opplevingar i Storstuå. Det er premiere tysdag kveld, men om det er fullt der, er det også forestillingar onsdag og torsdag klokka sju. Bestill billettar her.
Sjå kva vi tidlegare har skrive om tiandeklasserevyen 2012 ved å klikke her.
Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!