Jubileums- og nyttårsfest

Da Surnadal Normisjonsforening inviterte til Nyttårsfest kom det folk frå mange kantar for å feira at det i året som gjekk var 150 år sidan Santalmisjonen starta arbeid i India og i år 150 år sidan Indremisjonsforbundet vart gunnlagt i Norge.

20180106_165256.jpg

Festen var ei verdig markering der misjonssekretær for Asiaregionen Oddvar Holmedal (over) orienterte i ord og bilete om Santalmisjonens fantastiske historie og om stort fruktbringande arbeid i dei nasjonale kyrkjer i dag, og rapporterte frå jubileumsfeiring i India der 4000 menneske var samla, og frå det store leiartreningsopplegget som misjonen arrangerer i India og Bangladesh, ikkje minst det flotte bønearbeidet. Men det er gripande å høyra om kristne i India som er redde for livet sitt fordi dei blir truga av hindufundalistar.

Svein Dalen gjekk gjennom den interessante historia til Indremisjonen.

20180106_164026.jpg
Ikkje minst sette songaren Per Otto Lilleberg spiss på festen med sitt sterke vitnespyrd og flotte songar sammen med kona Berit på piano.

20180106_161603.jpg
Det vart også markert at det var Heilagtrekongarsdag med at Elise og Ida tente det tredelte lyset.

Flott servering høyrde sjølvsagt også med ved ein jubileumsfest.

 

Tekst: Einy Rendal Elgsæther. Foto: Ester Karin Larsen.