Jubileumsshow
Laurdag hadde Kulturskolen på Indre Nordmøre stor bursdagskonsert i Storstuå på Surnadal Kulturhus. Det var ein konsert for elevane og med elevane, og i Finstuå var det kunstutstilling.
Surnadal skolekorps med dirigent Sander van der Loo opna konserten med Stand by me og Don’t Stop Believing der Mikaela Sveen Hjertø og Ellen Svendsen Fiske var solistar (nedafor).
Det var djupe, mandige tonar -
- og det var lyse unge tonar -
- og laaange tonar!
Så strømma aktørane fram i tur og orden etterkvart som ryddige konferansierar Silje og Lina presenterte dei.
Dramatisering av forholdet mellom desse tre sosiale mediaaktørene.
Martin spela Reodors Ballade
Synne spela Kom mai, du skjønne milde - begge akkompagnert av Alex.
Amund framførte Ballade pour Adeline på flygelet.
Sanna framførte Half The World Away - akk. av Linda på flygel.
Benjamin framførte The Great Gig In The Sky på flygel.
Bandet Saksøkt - Mathilde, Benjamin, Bror, Bjørnar og Nils Ole framførte Highway to Hell og Because the night med solist Gunn Astrid.
Inga Ragnhild delte sitt eige nummer frå Russerevyen i år, "E hørre at det søng"
Så følgde to dansegrupper med sine nummer. Dans er ei stor gruppe av elevane ved kulturskolen. Mange er med i fleire grupper. Her var det spenst og presisjon, glede og høge beinspark!
Til slutt vart alle elevane og lærarane kalla fra på scena for å få velfortent applaus.
Rektor Torbjørn Larsen var blid og godt nøgd med denne delen av jubileumsfeiringa for Kulturskolen på Indre Nordmøre som dekker kommunane Surnadal, Rindal og Halsa. Larsen er litt spent på framtida for kulturskolen slik den er i dag. Halsa kommune går inn i Trøndelagskommunen Heim, og Rindal søker seg over til Trøndelag fylke.
Siri Skjerve flytta til Todalen for kort tid sidan, fordi mannen, som er todaling, ville heim.
Kunstlærar Siri Skjerve starta i Kulturskolen på Indre Nordmøre 1. april, og det var ingen spøk å ta over etter Inga Dalsegg som har hatt den jobben til no. Ho er kunsthandverkar og arbeider mest med porselen, keramikk og tekstil. Fram til no arbeidde ho som kunstlærar på Nordmøre Folkehøgskule. I dag presenterte ho stolt kunstverka til elevane i Finstuå.
Nora, Ylva og Ingeborg poserer stolte og blide med kvar sin is under bildemontasjen der dei er representerte. Heile collagen kan du sjå i bildeserien nedafor.
Med smil om munnen og is i handa stilte Nathalie og Ane seg opp under kvart sitt bilde.
Etter konserten og at kunstutstillinga var opna, vart det sunge bursdagssong til kulturskolen i foajeen, og det vart delt ut is til alle deltakarar og lærarar!
Det er i år 20 år sidan Kulturskolen på Indre Nordmøre starta, og det vil bli markert fleire gonger gjennom året. Neste markering er konsert i Surnadal Billag under Vårsøghelga. Da vil tidlegare elevar ved kulturskolen delta.
Bilde frå kunstutstillinga kan du sjå nedafor!