julebord_1024x683

Julebord på Surnadal sjukeheim

Tirsdag 20. desember var det julebord for dagsenteret ved Surnadal Sjukeheim. Deltakarane hadde ikkje kome lenger enn til ”innleiande runde” med pepparkaker og gløgg da Trollheimsporten var innom, men seinare skulle det bli både julemiddag, kaffe og kaker, slik det sømer seg på julebord. Det har vore fleire puljer med julebord ved sjukeheimen for at alle tilknytta sjukeheimen skulle få plass. Dagsenteret var siste pulje ut.

Triveleg julebord for dagsenteret. Her får gjestane pepparkaker til gløggen. Foto: Norunn Holten

Det er Sjukeheimsforeninga, med Paula Ranes i spissen, som kvart år brukar å spandere julebord på bebuarande på Surnadal Sjukeheim og andre som mottek tenester derifrå. Dette gjeld mellom anna brukarane av dagsenteret som er på sjukeheimen 1-3 dagar for veka. Dagleg er det 6-7 personar på dagsenteret, til saman 23 personar. Desse fekk kose seg med julemat på sjukeheimen tysdag. På programmet stod i tillegg til julemat også gange rundt juletreet. Øyvind Glåmen skulle dessutan underhalde med song og musikk. Alt låg med andre ord an til eit triveleg julebord på sjukeheimen.