Picasa

Kyrkja i Rindal melder:

Juledagsgudsteneste i Kapellet

"Gud vart menneske, født i ein stall og lagt i ei krubbe. Han kjem til oss, slik at me skal kunne koma til han." Dette er tankar som vart meddelt i Øvre Rindal kapell juledag. Preika ligg ved.

Øvre Rindal kapell 25.12.19. Joh.1,1-14.

Eit ord blir menneske. Ein Gud blir menneske. Vår Gud. Han som var ifrå begynnelsen – når så enn det er.

Hvis ordet er eit menneske, kan me gje det ein klem. Me kan prate med det. Få response. Rådføre oss. Bli glad i det og elske det. Lata oss prege av samværet og vita oss elska.

Hvis ordet er Gud, er det større enn oss. Hvis ordet er Gud, er det sterkare enn oss. Hvis ordet er Gud, kan det berge oss.

Og dette er Jesus i eigen person: Sann Gud frå evigheit til evigheit. Hjå oss, i lag med oss – på lag med oss.

Då syng me Høgtidsverset som står på nummer 41:

En frelser oss oss født i dag,
i mennesker guds velbehag, 
Gud være pris og ære!                                                           
Nå er han født i Davids stad;
den sønn som englene tilbad,
velsignet evig være!                                                                   
Min sjel, kjenn vel denne nåde fri fra våde,
mett ditt øye
nå med lyset fra det høye!

Joh 1,1-14:

1 I begynnelsen var Ordet.
          Ordet var hos Gud,
          og Ordet var Gud.
          
    2 Han var i begynnelsen hos Gud.
          
    3 Alt er blitt til ved ham,
          uten ham er ikke noe blitt til.
        
          Det som ble til
    4 i ham, var liv,
          og livet var menneskenes lys.
          
    5 Lyset skinner i mørket,
          og mørket har ikke overvunnet det.
6 Et menneske sto fram, utsendt av Gud. Navnet hans var Johannes. 7 Han kom for å vitne. Han skulle vitne om lyset, så alle skulle komme til tro ved ham. 8 Selv var han ikke lyset, men han skulle vitne om lyset.
          
    9 Det sanne lys,
          som lyser for hvert menneske,
          kom nå til verden.
          
    10 Han var i verden,
          og verden er blitt til ved ham,
          men verden kjente ham ikke.
          
    11 Han kom til sitt eget,
          og hans egne tok ikke imot ham.
          
    12 Men alle som tok imot ham,
          dem ga han rett til å bli Guds barn,
          de som tror på hans navn.
          
    13 De er ikke født av kjøtt og blod,
          ikke av menneskers vilje
          og ikke av manns vilje,
          men av Gud.
          
    14 Og Ordet ble menneske
          og tok bolig iblant oss,
          og vi så hans herlighet,
          en herlighet som den enbårne Sønn
          har fra sin Far,
          full av nåde og sannhet.      

Det er så godt med alle relasjonar som er gode, der folk får vekse og blomstre og vita seg elska av anna folk. Når livet er på sitt beste, er det slik det fungerer mellom born, mellom born, foreldre, besteforeldre, tanter og onklar, mellom vener og grannar. Relasjon – at me har med kvarandre å gjera, at me høyrer til.

Men det er folk til alt. Til tider er me sjølve blant dei som bryt ned det som skulle vore bra – gjennom avundsjuke og egioisme, bittesmå tankar både om oss sjølve og kvarandre – som me meir enn gjerne gjer uttrykk for, svartsinn og svartsyn. Skulle me kalle det synd?

Men aldri er mørket i oss og mellom oss svartare enn at lyset kan bryte det ned.

Det sanne lyset som lyser for kvart menneske kom no til verda. Det lyser for kvart einaste menneske!

Mange undres kva me skal med det. Kva er vitsen med Jesus, liksom? Har me ikkje det me treng om me har ein nisse eller fem og magen full av medisterkaker? Jul er det uansett.

Heldigvis! Jul er det uansett kva me fyller den med, kva den fyller oss med. Men kvifor vera så måteholden på eigne vegne at me ikkje tek imot alt det gode som blir bydd oss? Kvifor vegre seg mot det beste, denne kjærleikshandlinga av ein frelsar som er full av nåde og sanning i eigen person?

For noko anna enn ei kjærleikshandling er det ikkje at Gud kjem til oss, at Gud let seg veva i Maria si livmor, at Gud let seg bli født.

Så får det tale sitt språk til oss at han kjem til verda på eit fjøsgolv. Det var kanskje nødvendig: Kan Jesus koma til verda i ein stall, så kan han også bli født i hjarta mitt slik at eg blir født på nytt att … for hjarta mitt er då i det minste hygienisk reint nok?

Så konkret kan me tenkja – og bør me tenkja – om den Gud som blir menneske.

Så lenge Jesus har funnest, har det vore strid om det me kallar for Kristologien.

Frontane var harde før og under kyrkjemøtet i Nikea år 325, der det vart slått fast og bestemt at Jesus er – ja takk, begge deler: Han er sann Gud og sant menneske. 100% Gud og 100% menneske:

Vi tror på èn Herre, Jeus, Kristus, Guds enbårne Sønn, født av Faderen før alle tider, Gud av Gud, lys av lys, sann Gud av sann Gud, født, ikke skapt, av samme vesen som Faderen. Ved han er alt blitt skapt.

For oss mennesker og til vår frelse steg han ned fra himmelen, og ved Den hellige ånd og av jomfru Maria ble han menneske av kjøtt og blod.

Kva var dette å krangle om? Kvifor var dette så viktig – den gong? Og ikkje minst no?

Fordi det er berre Gud som kan gje oss frelsa. Det er berre Gud som kan vera den heilage, den reine, den som ikkje evner å lata seg prege av han som er vår fiende. Skal han gjera oss heilage, må han vera heilag sjølv.

Og det er berre eit menneske som kan gjera godt att og sone for menneske. Skal han vera bror vår og gjera oss til Guds born, må han kjenne til korleis folk har det både på godt og vondt. Eg skal tru Jesus visste det, - han som både kunne kose seg i bryllup og øse seg opp over handelsfolk og pengevekslarar som heldt til i templet. Eller som eg høyrde på ei forelesing og aldri gløymde: Jesus veit inderleg vèl korleis det er å ha småstein i sandalane.

Så er det Gud sjølv som kjem til oss. Han kom som eit fattig barn, født i ein stall og lagt i ei krubbe. Der var Gud.

Korleis kjem Gud til oss no? Han kjem fortsatt som kjøt og blod og bokstaveleg talt byr på seg sjølv med orda eg skal bruke når me feirer nattverd: Dette er Jesu kropp. Dette er Jesu blod.

Nærare oss kjem han ikkje, - me snakkar vel her om cellenivå?

Og om psyke – når Jesus får snakke til tankane våre, innstillinga vår og verdiane våre – ikkje minst når me snakkar ned både oss sjølve og anna folk?

Og om sjel – når Jesus får vera den som tek seg av alt som er vårt av skuld og gjev oss … kva var det meir enn eit liv i verda som kjem?

Jesus kom julenatt. Han kom til oss, slik at me skulle kunne koma til han. Djupare meining har ikkje jula – meir meining finst ikkje.


Kyrkja i Rindal og Surnadal er medlem av Trollheimsporten.