
Julehelsing
JULEHELSING TIL ALLE I MØRE OG ROMSDAL
For dei fleste av oss er jula religiøs høgtid, solsnu, familiesamvær, barnleg glede, og samkjensle med fattige og dei som strevar med livet sitt. Og uansett korleis vi sjølv har det, veit vi at det er mange som slit. Det er til og med mange, også i vårt samfunn, som gruar seg til jul.
Det kan t.d. Barn av Rusmisbrukarar (BAR), Russkaddes Interesseorganisasjon (RIO), Landsforbundet mot Stoffmisbruk (LMS) og Frelsesarmeen fortelje oss noko om.
Dette er alle organisasjonar som høyrer heime under Actis-paraplyen, dvs. blant frivillige organisasjonar som arbeider for å redusere rusproblema.
I ein slik samanheng bør det vel vere sjølvsagt for oss alle at vi ikkje legg stein til børa. Og derfor ser vel alle behovet for ”kvite dagar” og at alle barn har rett til ei ”Kvit Jul” ?
Fylkesstyret i Actis,
Rusfeltets samarbeidsorgan i Møre og Romsdal
v/ Eivind Hasle (Surnadal), Per Arne Lillebø (Sande), Atle Hole (Sykkylven), Gunnar Buset (Ålesund), Cecilie Dahle Torbjørnson (Volda), Anne Karin Høj (Molde), Evy Sisilie Bergum (Molde)