Karstein

Bildet over: Karstein Mauset.

Juleminner

av Karstein Mauset


Sjølv om eg ikkje har fått meir smak på hverken svisker eller kamferdrops, og ikkje har eg ei plan om å gå til anskaffelse av analogt barometer heller, så vil eg gjerne skriva nokre ord om jul i "gamle dagar", då eg var ung. Ei forferdeleg setning for meg å skrive, men når eg ser bilete av meg sjølv som gut, direkte smørblid, med dei nye tre-skia (!) eg akkurat har fått til jul, så betyr det at det har gått ei ri sidan eg var liten pjokk. Tida har gått ifrå meg, rett og slett!


Ventetid

Men sjølv om tida går berre fortare og fortare no, så var ventetida til sjølvaste julekvelden før, aldeles ulideleg. Adventstida virka uendeleg, men vart korta inn med Jens Petrus, Tøflus, og dei andre litt snåle folka i Skomakargata på fjernsynet (fjernsyn heiter no TV.) Eg fikk adventskalender av mor, kjøpt hos vår lokale kremmar, Even Fiske Eftf. Var litt meir "schwung" på navnet på daglegvarebutikkane den tida, og dei forhandla alt frå snelletråd til dynamitt! Kalenderen inneheldt sjokoladebitar så flortynne at dei mest smelta før dei nådde den glupske kjeften min. Like greit at dei var små, for smaken var ikkje noko særleg for å seia det slik... Men lade er lade og siste luke var i tillegg ei dobbel-luke så den biten måtte væra gedigen, og det må innrømmast at det vart pirka litt på den luka før tida. Meiner å hugsa at vi måtte ta i bruk lim-band for å halde luka stengd. (lim-band heiter no tape).

Julekveld

Etter at hovmesteren, i blindfylla, hadde båre grevinna til sengs, så kom den store dagen sigande. Heime var det vanleg å både hente og pynte juletre julekvelden. Det var far som hadde jobben med å finna juletre, og resultatet var svært varierande frå år til år. Det har vorte meg fortalt at eit år vart han rett og slett sendt ut att for å gjera et nytt forsøk. Det første treet falt ikkje i smak hos kritikarane… Eit anna år var det berre greiner på ei side, men far var av typen som alltid fann ei råd. Han perforerte stammen med bor-maskina si og handfritt sette han i greiner i hola. Det er vel det som kallast for poding, det. Og juletreet såg perfekt ut! Ihvertfall i følgje han sjølv. 

Så var det juletrefoten…den helvetes juletrefoten! For det første var den nesten heilt umogleg å finna, og når den endeleg vart funnen, så var det storarbeid å få treet til å stå beint, men det gikk på eit vis, dog etter nokre svartord-utbrot. Og så; juletrepynten… Den var av ymse kvalitet, stort sett heimlaga, av dassrullar, glansa papir og bomull. Eit år var den sterkt prega av museangrep, og ein av englane hadde rett og slett mista ansikt, men opp kom han, saman med lenkjer, korger og glitter. Og norske flagg! Det virkar som det ikkje er heilt stuereint med norske flagg på treet no? Juletrelysa var eit kapittel for seg sjølv… Dei virka ALDRI!

Då var det berre å venta til storfamilien vart samla og maten skulle bli klar. Men først skulle sjølvsagt sølvgutane syngje jula inn. Sjølv tykte eg den seansen var i overkant lang. Når då sølvgutane endeleg hadde klemt ut av seg dei siste "pre-pubertets-grainnj-tonainnj" sine, slo onkel Jon nevane i armlena og sa: "Neeei… lyt vel åt fjøsa å" for så å gå seint over stovegolvet. "Er det mogleg?" tenkte eg. "No?" Det føltes som sabotasje! Men sauene måtte da òg få mat på julekvelden, det forstod eg.

Då alle var ferdige med sine gjeremål, samlast vi rundt middagsbordet. Eg var ikkje så begeistra for julemat då, sikkert til dels for at eg slettes ikkje hadde tid til å sitje ved matbordet når golvet under juletreet var aldeles dekt av pakkar. Eg åt nokre sossiser og var storfornøgd med det. Vi hadde for øvrig ribbe til julemat, eller "nåkkå frå grisa", som bessmor visstnok kalla det. Evig takknemmeleg for at det ikkje var lutefisk… Eg tykkjer fremdeles lutefisk er ein særs dårleg oppfinning. Berre det å blanda "moiddj" og gift tykkjer eg, i beste fall, er urasjonelt, men å kalla det for fest-mat er direkte idioti! Så fikk eg sagt det og.

Bordet var pynta med levande lys og mor hadde lagt på sin finaste duk. Av typen damask. "Du får ikkje søl på damask-dukjen" formana ho, men alle rundt bordet visste at det mest sannsynleg tok omlag 30 sekund før første flekken var eit faktum. "Stjønt d" sa ho berre, då feitt-koppen klinka i saman med raudbrusglaset og duken vart besudla på det aller grovaste. Det var forsåvidt ikkje anna venta, med brun saus, feitt, raudkål, brus i fleire fargar, skarpladd tomtenøl, samt at desserten var riskrem med raud saus, hadde ikkje damaskduken noko betre enn ein snøballs sjanse i helvete til å overleva kvelden utan at den likna eit fargekart frå Jotun med årets jordfargar.

Etter at maten, endeleg, var ferdig var det opning av pakkar som var programfesta og det var alltid stas! Ofte kom Knyk-nissen innom med sekken sin òg. Men eit år kom både Knyk-nissen og Bollj-nissen. Dei treftes ute i gangen, ga kvarandre eit nikk, før dei forsvann ut i julenatta. Mistenker at dei var i slekt, for dei hadde det same uttrykkslause ansiktet, var fåmælt og gikk tungt! Begge var og forøvrig sponsa av Røv Mølle. Det sto i alle fall det på sekken!

Uteaktivitetsleiker var nok favoritten å få i gave, så det var ikkje alltid like enkelt å la seg begeistra av eit "oillj-høssupar". Men no står ullsokkar på ønskelista til jul, og kanskje ikkje dei tinga som krev fysisk aktivitet…

Jula er ikkje så stas lenger. Far`s «poda» juletre er bytta ut med eit usjarmerande eit i plast, hvis eg i det heile tatt giddar å ta det fram. Det lille eg har av julepynt er av billig plastikk, made in china… Og eg tek meg sjølv i å tenkje: «det va ber fær», noko som sikkert er eit teikn på at ein i det minste har vorte vaksen.

No gler eg meg til å ta fatt på 2018 og med diktet av Astrid Krog Halse, vil eg ønskje sambygdingar (det gjeld både surndalingar og rindalingar hvis nokon skulle væra i tvil), lesarar av Trollheimsporten og alle elles ei god jul og eit fortreffeleg godt nytt år!


Nyåret møtte deg nakje

Nyåret møtte deg nakje
og du ska få på det kle`e.
Ei stjerneklår natt fekk du vakje
og vente i von og i gle`e


Kvar dag skal du tvinne dei trå`an
så` sia ska smettast ti vev.
Ska mønstret bli gle` a ell`tåran
Du veit vel kva nyåret krev?


Røser og vakraste lettin
ska kappa åt nyåret hå.
Og gløm ikkje tå du ska smett inn
i veven ein gulltvinna tråd


Den gulltvinna tråden ska skine
når året er kome på hald
For varme er tankane dine
om verda ikring deg er kald